fredag 4. september 2026

Karmel Totus Tuus

 Retrett i karmelittklosteret Totus Tuus ( heilt din) i Tromsø. Sekularkarmelitt- gruppa som samlast ein gong i året til fellesskap, samtaler, meditasjon, tidebønner og messe. Vi er her eit par dagar ekstra og gradvis sig roen inn over oss.Dette er kjent frå mange ganger tidlegare.

Karmelittnonnene kom først frå Polen til Island i 1984, og vidare til Tromsø i 1990. Det vart lagt til rette for eit kontemplativt kloster  med tolv måls tomt rundt. Takka vera rause gåver frå inn- og utland kunne klostierbygningen  takast i bruk i 1995. Det var det første kontemplative kloster i Norge. Det er omlag 15 nonner i klosteret i dag, dei fleste frå Polen. Enkelte nye kall dukkar opp, men ikkje mange og etter regelen skal dei ikkje vera meir enn 21 i kvart kloster. Kontemplative nonners primær oppgåve er bønn, liturgisk bønn og individuell indre bønn, det siste i to timar dagleg. Dagen startar med laudes klokka  seks, etter det er det indre bønn, så feiring av messe klokka ni. I løpet av dagen er det tre korte tidebønner, ters, sekst og non, før det igjen er indre bønn og så vesper - kveldsbønn. Dagen blir avslutta med kompletorium klokka 21, før nonnene går til ro for natta. Det er fint å få vera ein del av dette eit par dagar, det gjev inspirasjon til det karmelittiske livet kvart enkelt lever i sitt privatliv heime!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar