tirsdag 22. september 2026

Om å lese

 Media er fulle av oppslag om Pisa undersøkjinga som viser eit dramatisk fall i leseferdigheit hos norske ungdomsskoleelevar. Dette er eit fenomen vi ser over heile den vestlege verda. Det blir skulda på auken i skjermbruk, men sannsynlegvis er det eit samansett problem med fleire årsaker. Men det synes å vera semja om at skjermbruken skader evna til å reflektera og tenka kritisk om ein tekst. Evna til å konsentrera seg om lengre tekstavsnitt vert drastisk svekka. Den britiske journalisten James Marriott skriv om « The new dark ages: The End of Reading and the Dawn of a Post-Literate Society.» Lesing er sjølve fundamentet for eit samfunn av opplyste og reflekterte borgarar som ikkje let seg manipulera av demagogar. 

Lese og skrivekunsten er eit par tusen år gammal, og var lenge berre for dei få iallfall fram til boktrykkarkunsten på 1500 talet. Opprinneleg var all lesning høgt- lesning, Augustin vart forundra då han møtte kyrkjefaren Ambrosius som las skriftene stille.Karakteristisk nok har både hebraisk og Jesu dialekt arameisk same ord for å lese og snakke. I klostera utvikla ein heilt frå Den heilage Benedikt si tid ei meditativ leseform, som har fått merkelappen Lectio Divina - andeleg lesning. Filosofen Ivan Illich har peika på korleis lesekulturen har forandra seg frå den meditative, drøvtyggande lesinga til våre dagers skjermbruk. I Mellomalderen var teksten ein las ein « vingard» ein kunne vera i og bli forma av.Gradvis skjedde det ei forandring, på 200 talet kom punktum, fem hundre år seinare byrja ein med avstand mellom orda, kapittel fekk ein først i Høgmellomalderen og inndeling i vers  ikkje før på 1500 talet. Ein kunne dermed finna fram i teksten og henta kunnskap utan å nødvendigvis lesa igjennom alt. Frå å vera ein vingard som ein vart forma av, vart tekste ei gruve ein kunne henta kunnskap frå. Dette var på mange måtar eit framsteg, men samstundes tapte ein noko viktig - den intime interaksjon mellom teksten og eins indre. I føge Illich kulminerar dette med dagens intense skjermbruk.

Ein fundamentalistisk tilnærming til skriftene er eit relativt nytt fenomen, det oppstod på 1700 talet og er fjernt frå kyrkjefedrenes fortolkning. Origenes reknar med fire nivå i bibeltekstane, ein bokstaveleg eller historisk meining, ein mystisk som dreier seg om Kristus og kyrkja, ein moralsk som viser korleis vi skal leve og handle, til slutt ein anagogisk som dreier seg om det som skal skje i framtida.Lectio divina er ein heilskapleg tilnærming til skriftene der målet ikkje er kunnskap slik vi forstår det når vi les moderne tekstar. Lectio divina er ein slags drøvtygging av skriftene som grensar til og etterkvart blir bøn og i neste omgang bøn og meditasjon. Guillaume av St.Thierry formulerer det slik: « Når det gjelder Skriften, skiller drøvtygging fra vanlig lesning som vennskap skiller seg fra en flyktig visitt, og broderlig kjærlighet seg fra en tilfeldig hilsen.»






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar