søndag 2. februar 2020

Kyndelsmess

Vi feirar i dag minnet om at Jesus vart framboren i tempelet, frå gammalt Kyndelsmess.
Simeons lovsong er ein sentral del av Kompletorium - dagens avsluttande tidebøn som vart framført i alle kloster verda rundt og av alle som føler seg knytt til klostertradisjonen.


Jesus blir boren fram i tempelet
22 Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren. 23 For det står skrive i Herrens lov: Alt av hannkjønn som opnar morslivet, skal helgast til Herren. 24 Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.
   
 25 I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han, 26 og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva. 27 No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova, 28 tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:
Simeons lovsong
    29 «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,
          slik som du har lova.
          
   
 30 For mine auge har sett di frelse,
          
   
 31 som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,
          
   
 32 eit lys til openberring for heidningane
          og til ære for folket ditt, Israel.»
        
33 Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han. 34 Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt 35 – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»
   
 36 Det var ei profetkvinne der, Anna, dotter til Fanuel, av Asjer-stammen. Ho var langt oppi åra. I ungdomen var ho gift i sju år, 37 og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag. 38 I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.
   
 39 Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret. 40 Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar