mandag 3. februar 2020

Ilse Weber og Auschwitz

Seks millionar døde i Holocaust blir bare statistikk og rører oss ikkje slik som enkelt lagnadar. Nokre få er kjente, dei fleste ukjente og minnest bare av sine næraste dersom det i det heile var nokon som overlevde katastrofen. Nokre er blitt kjent etter krigen avdi dei overlevde og skreiv om sin opplevingar etterpå. Døme på det er Eli Wiesel, Paul Celan, Primo Levi. Nokre svært få  blir rekna som martyrar og er helgenkåra, Edith Stein og Maximillian Kolbe er døme på det.
Ilse Weber(1903-1944) er på ein måte i ein mellomkategori, det er ikkje mange som har høyrt om henne, men ho etterlet seg spor i form av dikt og musikk, og minnet om ei kvinne som tok seg av dei  svakaste og mest forsvarslause, dei foreldrelause borna i konsentrasjonsleiren Theresienstadt. Ho trøsta dei og følgde dei like inn i døden.

Ilse Weber vart fødd av jødiske foreldre i Praha. Ho var sjukepleiar, men skreiv også barnebøker og lagde radioprogram for barn. Like før ho og mannen Willi Weber vart  sendt til Theresienstadt klarte dei å senda den eldste sonen til  Sverige og han overlevde dermed Holocaust. Ilse Weber skreiv meir enn seksti dikt i konsentrasjonsleiren og sette tone til fleire av dei. Mest kjendt er voggesongane ho sang og spelte for å roa dei foreldrelause borna ho tok seg av. Ilse, Willi og den yngste sonen Tommy vart sendt til Auschwitz i 1944. Det blir fortalt at ho song voggesongen Wiegala for borna då dei saman gjekk inn i gasskammeret og den evige svevnen.

Anne Sofie von Otter gav for ein del år sidan ut ein CD med musikk frå Theresienstadt saman med Bengt Forsberg, Christian Gerhaer og Daniel Hope. Far til Anne Sofie Otter var svensk diplomat under krigen og fekk kjennskap til Holocaust via ein tysk SS offiser  som med fare for eige liv fortalde diplomaten kva som føregjekk i konsentrasjonsleirane. Von Otter bar på ei sterk skuldkjensle for dette heile livet og det sette nok og sine spor i dattera Anne Sofie. Denne innspelinga er kanskje  eit forsøk på å formidla noko av det faren ikkje klarte å formidla !






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar