lørdag 29. februar 2020

Kvinner i amerikansk poesi



Dag og Tid 21. februar


Kvinner i amerikanske poesi.
1. Emily Dickinson (1830 – 86)
«Søt og tolmodig om dagen./ Om natta:poet og rebell.» skriv  Åse Marie Nesse i eit dikt til Emily Dickinson. Denne eksentriske kvinna som alltid gjekk kledd i kvitt og knapt forlet heimen i Amherst i Massachusetts. Ho publiserte berre eit par dikt i si levetid, men etter hennar død vart det funne ei «skattekiste» med over 1800 dikt. Ho skulle berre visst at ho ein dag skulle bli rekna som ein av dei  største i engelsk språkleg poesi!

2. Joy Harjo ( f.1951)
Joy Harjo er ei allsidig kvinne, universitetslærar, songer og saksofonist, feminist, aktivist for urfolks rettar, men framfor alt poet. Ho høyrer til dei opprinnelege amerikanarane, «Muscogee Nation», og det meste av det ho skriv er prega av hennar etniske bakgrunn såvel av at ho er kvinne og multikunstnar. I 2019 vart ho av kongressen tildelt ærestittelen «Poet Laureate» som den første frå urinnvånarane i USA. Les «She Had Some Horses» frå 1983.

3. Joyce Sutphen (f.1949)
Ho er kanskje den minste kjente av desse tre, men ikkje i heimstaten der ho nyleg vart utnemd til « Minnesota`s Poet Laureate». Ho underviser i engelsk litteratur og har ein doktorgrad i renessanse drama. Frå debuten i 1995 har ho gjeve ut ei rad diktsamlingar, varme og personlege dikt om  dei nære ting, oppveksten på landsbygda i Minnesota,om foreldre, barn og barnebarn, om minne og livet som ein gong var. Ein kjenner seg att i hennar klare og sanselege bilete. Les «First Words» frå 2010.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar