onsdag 19. februar 2020

The Cloud of Unknowing

1300 talet var ein rik periode for den engelske mystikken.  Best kjent er nok Julian of Norwich, mystiker og einbuar, som med sitt skrift "Revelation of Divine Love" framleis er ein  sikker vegleiar for dei som rører seg i den indre bønas univers. Forfattaren av eit anna skrift frå same periode, "The Cloud of Unknowing" er ukjent, men sannynlegvis ein geistleg  som levde i East Midlands siste halvdel av 1300 talet. Han er og ei sikker følgjesvein og vegleiar for dei som vel mystikkens veg.
Skriftet innleiar med eit lite vers med den enkle tittelen GOD:

unto whom all hearts are open,
unto whom all wills do speak,
from whom no secret thing is hidden,
I beseech thee
so to cleanse the purpose of my heart
with the unutterable gift of thy grace
that I may perfectly love thee,
and worthily praise thee.

AMEN








Slik er mi utgåve av "The Cloud of Unknowing" i Penguin classics frå byrjinga av 1980 talet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar