lørdag 15. februar 2020

1917

1917 er tittelen på regissøren Sam Mendes fil frå første verdskrig som går på kino no. Inspirert av bestefarens opplevingar i dnene krigen har Mendes laga eit drama der to soldatar, Blake og Schofield får i oppdrag å dra gjennom ingenmannsland for å varsla ein general om at der han har tenkt å slå til mot tyskarane er ei felle. Broren til den eine av soldatane er offiser i denne bataljonen og det blir ei nervepirrande kamp mot klokka å nå fram i tide. Alt er ikkje realistisk men vi får likevel eit sterkt inntrykk av å koma tett innpå denne brutale krigen som var byrjinga på alle dei følgjande krigane som herja det tjuande hundreåret. Seinare krigarar har vore vel så brutale og i større grad gått utover sivile, men Den første verdskrigen  blir likevel eit av dei sterkaste bileta på  kor meiningslaust krig kan arta seg.

I skyttargravskrigen vart tusenvis av unge menn sendt fram mot fienden gong etter gong, og meia ned på den mest brutale måte utan at noko som helst vart oppnådd militært. På begge sider  sit politikarar og militæreleiarar som kyniske manipulatorar med unge menneskeliv. Dei som ikkje vart drept eller såra bar likevel på djupe indre sår og krigen  som i Storbritannia blir kalla "The great War" sette sine spor på ein heil generasjon. det er genersjonen til mine besteforeldre som vart fødde på 1890 talet og min morfar ville utan tvil teke del i krigen dersom han ikkje hadde vore så heldig å bli fødd i Norge.
Alle som deltok i krigen er borte no, likevel kjennest ikkje dette så lenge sidan. Sam Mendes fil minner oss om det.

Vi markerte 100 års jubileet for krigens slutt i november 2018. Leiarane for Frankrike, Tyskland og Storbritannia møttest  i fred og forsoning, og ein krig mellom europeiske makter er i dag  heldigvis utenkeleg.







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar