søndag 15. mars 2020

Dette usikre tilværet

Coronavirusepidemien fekk brått heile verda til å innsjå at dette tilværet ikkje er så trygt og forutsigbart som vi har trudd. Vi har lenge levd med den illusjonen at vi har full kontroll over tilværet, og når det skjer noko dramatisk kjem det nokon frå stat eller kommune og ryddar opp.  Men så kan det skje noko som overstig dei ressursar vi har til å rydda opp i problema. Vi veit det ikkje enno, og vi får vona at det ikkje skjer, men epidemien kan overstiga det vi er istand til å takla slik det er i ferd med å gjera i Italia. På den andre sida ser det ut til at Kina og Korea er iferd med å få kontroll på situasjonen, så då går det kanskje ikkje så ille som ein har frykta?

Tidlegare tiders menneske, ja så langt tilbake som vi har eksistert, har måtta leva med at tilværet er grunnleggjande usikkert, katastrofen kan ramma når som helst. Avlinga kan feil og det blir uår, pest kan ramma, byen ein bur i kan brått brenna ned, fiendens soldatar kan dukka opp for å plyndra og drepa. Sjølv om ein aldri kan vera førebudd på slike hendingar korkje materielt eller mentalt, så var nok likevel våre forfedre førebudd på ein annan måte enn vi er. Det utrygge var innbakt i dagleglivet på ein måte vi ikkje kan setja oss inn i. Hadde ein nok mat til å klara seg igjennom vinteren, kom dette barnet til å klara seg, kom det ein epidemi med koppar, polio eller skarlegensfeber ?
Dei hadde bare høgare makter å setja si lit til, Gud og alle hans helgenar som var klar til å hjelpa oss her på jorda. Sjølv om det ikkje alltid hjelpte konkret gav det ein styrke og trøyst til å koma seg igjennom det vanskelege.
Guds ord var til trøyst slik forfattaren  av salme 91, som vi ber til kompletorium, uttrykkjer det:


 4 Under hans venger kan du søkja ly,
          med fjørene dekkjer han deg.
          Hans truskap er skjold og vern.
          
   
  5 Du skal ikkje frykta for redsler i natta,
          for piler som flyg om dagen,
          
   
  6 for pest som fer fram i mørkret,
          for plage som herjar ved middagstid.
          



Naturen er vakker, men snur seg fort frå det vakre til det livstrugande. Klimaforandringar , orkan , tørke og epidemiar minner oss om at vi ikkje har kontroll over naturen som omgjev oss sjølv om vi i vårt overmot innbiller oss det !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar