Reisa
Du
har alt pakka kofferten
og
bøyer deg for å ta på jakke og sko
dette
kunne vore no
eller
for lenge sidan
ein
av mange gonger
ute
er det gjennomsiktig junikveld
det
luktar svakt av hegg
du
tek farvel lukkar døra
og
går med rolege steg nedover gata
enno
er det tid att
og
andre er alt på veg heim
men
vi bøyer oss over kartet
merkar
av reiseruter
og
ventar på frålandsvind.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar