lørdag 24. juni 2017

Poetica:Jonsok

Jonssok, Jonsvaka, St. Hans. Midtsommardagen har ulike navn og har nok blitt feira i uminnelege tider som dagen då året var på det lysaste. Forhistoriske tempel er konstruert slik at sola skin inn akkurat på det tidspunktet då dagen er på det lengste! Kyrkja gjorde dagen til ein minnedag for døyparen Johannes og feiringa har seinare vore ei blanding av det kyrkjeleg og folkelege. Framleis blir dagen feira med folkefest og bål slik som her i Kristiansand i går kveld. Men gamle folkelege tradisjonar slepp diverre gradvis taket i det moderne samfunnet.


Jonsvaka


Dei siste glørne frå bålet
dansar seg inn i sommarnatta
gjennomskinleg og forklåra
som i Nikolai Astrups bilete.
Er du så den som skal koma ?
røysta vi skal lytta til
den vi skal følgja over jamne stiar
inn på beine vegar
til tonen frå det siste bogedraget
over felestrengen
medan vi likevel ventar ein annan.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar