torsdag 8. juni 2017

Siste jul i Kairo

Forfattar og journalist Lars Akerhaug kom i fjor med boka "Siste jul i Kairo" på Dreyer forlag. Det er ei reportasje og debattbok om situasjonen til dei kristne minoritetane i Midt-Austen.  I lys av dei siste terroråtaka på koptiske kristne i Egypt er dette ei dagsaktuell bok. Det har til nyleg vore lite fokus på dei kristne i Midt-Austen, dei har gjerne kome i skuggen av dei store konfliktane mellom Israel og dei arabiske landa og mellom sunni- og shiamuslimar.  Dei  kristne i vestlege land har med få hederlege unntak, vist liten interesse for dei forfølgde kristen i Midt-Austen. Ein av intervjuobjekta i Akerhaugs bok seier at rett nok har det kome mange delegasjonar frå vestlege kyrkjer i det siste, men det blir bare prat og meir prat. og det kjem ikkje så mykje meir ut av det.

I forordet til boka skriv Akerhaug om sin første tur til Midt-Austen, han  sit i ein hotellobby i Damaskus, der kjem han i prat med ein annan nordmann, Egil Fossum. Fossum er  tidlegare  aktivist i Palestinakomiteen og redaktør i Klassekampen. no arbeider han med ei bok om dei kristne i Midt-Austen. Boka kom ut i 2003 med tittelen "Hos de kristne i Midtøsten. Fra Alexandria til Aleppo", Eg leste mitt signerte eksemplar med store interesse, og inviterte året etter forfattaren til å halde foredrag for oss i Katolsk forum i Kristiansand. Fossum skreiv ei journalistiske reportasjebok fylt med intervju med kristne frå ulike land i Midt-Austen, men han gjev og grundig historisk og teologisk bakgrunnstoff  om dei ulike kyrkjesamfunna.  Fossum skildrar dei kristnes uro for framtida, alt i 2003 var dei hardt pressa mange stadar og mange emigrerte til vestlege land. Ville ein snart ha eit Midt-Austen utan kristne ? Dette var like etter Irak invasjonen og før Syria krigen, på dei fjorten åra som er gått er det ingen tvil om at situasjonen er gått frå vanskeleg til katastrofal. Verst er situasjonen i Syria, der det i 2003 var ein stor kristen minoritet som levde i relativ fred med sine naboar, i dag er mange drept eller fordrevne! I det same forordet fortel Akerhaug om turen til den vesle fjellandsbyen Maaloula i 2001, dette er ein hovudsakleg kristen by der dei til dagleg har tala vest-arameisk som er det språket som ligg nærast opp til det som vart snakka på Jesu tid.  I kapittelet "Korstilbedrenes straff" skildrar han kva som skjedde 12 år seinare då IS inntok byen. Det er bare vondt og tragisk !

Akerhaug har i mange år interessert seg for Midt-Austen, han kjennar regionen og talar arabisk. Tidlegare har han gjeve ut bøker om radikal islamisme. Som tittelen på boka  indikerar legg han størst vekt på Egypt, men han han har og kapittel om Irak og Syria og Libanon. Boka er nok meste ei dagsaktuell reportasjebok men han knyter inn historisk bakgrunnstoff  både frå dei siste politiske konfliktane og tilbake til dei første ørkenfedrene i Egypt som seinare la grunnlag for den monastiske tradisjonen.

Det har frå enkelte hald blitt hevda at kristne i Midt-Austen gjennom historia har levd fredeleg side om side med sine muslimske naboar, og saman med jødane blitt respektert som "bokas folk". Dette er nok ei framstilling med store modfikasjonar, sjølv om kristne ikkje har blitt direkte forfølgde, har dei i praksis vore andre rangs borgarar i muslimske land. Det er og mange døme på blodige forfølgingar som Akerhaug og kjem inn på, og som stort sett er lite kjent. Mange har nok lest eller høyrt om Tyrkias etniske rensing av armenarar i 1915, men kven kjenner til dei store massakrane i Egypt og Irak på 1300 talet, eller i Libanon og Syria på 1860 talet ? Dessverre gjev korkje historia eller den dagsaktuelle situasjonen grunn til optimisme ! Men det gjer det ikkje mindre viktig å få ut informasjon om situasjonen til desse hardt pressa kristne minoritetane i muslimske land. Alle ære til Lars Akerhaug, Egil Fossum og Kari Fure for det !

                                                      Terror mot koptisk kyrkje i Alexandria 2016


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar