onsdag 6. august 2014

Forbøn for Mosul

I forige månad rykka den islamistiske terrororganisasjonen ISIL fram i Nord-Irak og tok over storbyen Mosul. Det førte til ein dramatisk forverra situasjon for alle, men særleg for ikkje sunni muslimske truande. Særleg gjekk det utover den kristne minoriteten som har levd i Mosul sidan dei første hundreåra etter Kristus. Før den amerikanske invasjonen var det omlag 60.000 kristne i Mosul, i dag er det knapt nokon att. Den kaldeisk-katolske patriarken Louis Raphael Sako opplyste  at for første gong på over seksten hundre år vart det i juni ikkje feira messe i Mosul. Byen er tømt for kristne,dei  fekk valget mellom å konvertera til islam, betala ein urimeleg skatt til terrorregimet, flykta eller bli drepne. Så godt som alle valgte å flykta. Patriark Sako ba islamistane om nåde, men det hjelpte lite.Dei kristne sine hus og eigedomar vart konfiskert, kors reve ned og kyrkjene plyndra. Ikkje bare kyrkjer men også moskear vart øydelagt mellom anna moskeen bygd over profeten Jonas grav. Iflg. islamistane hadde dette vorte ein plass for frafall ikkje bøn. Moskeen var eit historisk monument og øydelegginga var eit slag for alle Mosuls innbyggjarar som no lever under eit strengt islamistisk styre.
Erobringa av Mosul var ein førebels topp i forfølgjinga av Midt-Austens kristne som har gått føre seg over langt tid. Koptarane i Egypt har lenge vore pressa men har det nok likevel betre enn i Nord-Irak og Syria der situasjonen er desperat. Krisa i Gaza er ille nok, men ser ut til å overskygga det som skjer i resten av Midt-Austen. Er det slik at media har blikk for bare ein konflikt om gongen ?  ISIL er sannsynlegvis verre enn vi kan førestilla oss, verre enn både Taliban, Al-Qaida og Hamas?
Sister Maria Hanna  OP, Sisters of Saint Catherine of Siena som er eit nonnekloster i kriseområdet i Irak skriv til sine medsøstre i Europa om situasjonen, og ho avsluttar  med ein apell til verda utanfor Irak:

"We are surprised that some countries of the world are silent about what is happening. We hope that there would be stronger international approach toward Iraq, and Christians in Iraq in general. "

Søstrene held fram sitt arbeid trass i den islamistiske framrykkinga.

"We have had our annual retreat on the 20th of July. That gave us opportunity to pray for Iraq and our Christian community during this time of peril."
La oss ta det siste som ei oppmoding om meir engasjement og meir forbøn for dei førfølgde i Irak!

Grafitti på ei kyrkje i Mosul som seier at dette er eigedomen til den islamske staten. Under er det ein
"N" som står for "Nassarah", koranens uttrykk for kristne. Islamistane merkar dei kristne slik nazistane merka jødane. Det er med på å understreka at islamisme, nazisme/fascisme og ein kan og legge til kommunisme er  tre ulik uttrykk for den same grunnleggjande ondskap.

1 kommentar:

  1. Det er så vond det som skjer, mest ikkje til å ta innover meg/oss, men det må vi. Eg vakna av eit mareritt ein morgon, store hærstyrkar kom mot oss kristne på min vesle stad her på Sunnmøre, og vi hadde ingen stad å gøyme oss vekk. Slik lever mange, mange. Gud vere oss syndarar nådig!
    Marieklem

    SvarSlett