Glør
Det er sein
augustkveld
båten dregen
opp på stranda
vassflata
stille og mørk
bålet som
held på å brenna ned
eg triv ei
furugrein
rakar glør
av oska
bålet
blussar opp gneistar løsnar
stig mot
natt og kverv
som dette
draumespelet
der søsken,
vener ikkje eingong vart
der mørkre
veks og veks
og einsemds
glør mot naken hud
det svir det
brenn
og aldri
skal det slokna ut.
du som skrev det ? Vakkert !!!
SvarSlettja det er min tekst
Slett