onsdag 20. august 2014

Vår jødiske reise

Anne Sender (F.1956) kom i fjor med boka  "Vår jødiske reise" på Cappelen Damm. Boka har fått god kritikk som eit nyansert innlegg i debatten om antisemittisme og konflikten i Midt-Austen. Anne Sender er konvertitt til jødedomen, og boka er og ei personleg prega historie om møtet med jødedomen og hennar jødiske svigerfamilie. Anne Sender har ein mangesidig bakgrunn som danser, pedagog og bistandsarbeider i Flyktningehjelpen, men det er i si tid som forstander i Det mosaiske trussamfunnet at ho også vart kjent som ein uredd deltakar i det offentlege. Ho har markert seg som ein talsperson for dialog og samarbeid på tvers av etniske og religiøse skillelinjer,og ho har difor fortjent blitt tildelt "Brobyggerprisen" i 2013 og "Fritt Ords pris" i 2014. Ho har mellom anna vore ein av drivkreftene i "Samarbeidsrådet for Tro- og Livssynssamfunn" der både ulike religiøse samfunn og humanetikarar har møttest til diskusjon.
"Vår jødiske reise" er som sagt ei personleg prega bok, men det er hovudsakeleg ei bok om jødisk historie i Norge frå Henrik Wergelands kamp for jødane og fram til 2013. Naturleg nok legg ho mest vekt på dei siste åra og tida ho fungerte som forstandar i den jødiske synagogen i Oslo (2005-2011). Ho er klar og uredd i si skildring av aukande antisemittisme som også norske jødar har vorte utsett for.For ein del år tilbake vart det skote mot synagogen i Oslo, demonstrasjonane i samband med Gaza-krigen i 2009 hadde klare antisemittiske utslag. Granskingar har vist at kvar tredje jødiske skoleelev har opplevd hets og mobbing frå både medelevar og lærarar, halvparten av jødane i Norge opplyser at dei har vorte utsett for antisemittisme og det har vore ein auke dei siste ti åra. Interessant nok viste det seg og at norske jødar hadde eit meir postivt syn på muslimar enn nordmenn flest !
Antisemittismen har nok ikkje blitt teke alvorleg nok, og Anne Sender sleit med å få forståing for dei problem den jødiske minoriteten stod ovanfor. Tragikomisk blir det når ho ber om vakthald ved synagogen etter skyteepisoden, og blir møtt med motsspørsmål frå ein tilsynelatande oppegåande statssekretær om ikkje jødanes eigen ambassade (den israelske) kunne sørga for vakthaldet.
Anne Sender har evne til å sjå konfliktar frå fleire sider, dette gjeld naturlegvis særleg Israel-Palestina konflikten der ho har uttrykt forståing for dei palestinaranes vanskelege situasjon."Jeg skrev at okkupasjonen forsterket Israel-hatet og foret antijødiske holdninger."  " Hvis Jerusalem skal være til velsignelse for jødene, kan det ikke være til fornedrelse for andre." Ho fekk mykje kritikk for slike utsagn både frå sine eigne og ikkje minst frå dei såkalla "kristen sionistane" i Norge som ser meir unyansert på konflikten enn mange jødar.
Anne Sender evner å sjå insiktsfullt og nyansert og formidla det på ein klår måte !    

"Vår jødiske reise " er ei bok å få innsikt og toleranse av. Ein evnar å forstå den jødiske minoriteten i Norge sin situasjon og dei vanskar dei møter og har møtt. Ein får og formidla at ingen konflikt har berre ei side.
Anne sender skriv: " I jødisk tradisjon sies det at enhver sak skal sees fra minst syv sider før man kan tro at man har et helt bilde. Denne boken er en side av fortellingen. Jeg ønsker andre velkommen."


"Derfor følger jeg til sist jødisk tradisjon og avslutter med ordene vi gir hverandre og omverdenen i alle livets sammenhenger, det livsbejaende "Le Cahim"  - til livet."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar