tirsdag 26. august 2014

Eg skal føra deg ut i ørkenen

Kva meiner vi  med "ørken"? spør karmelitt Roeland Van Meerssche. Han listar opp tre ulike oppfatningar, for det første den reint geografisk og materielle ørkenen som vi nok primært tenkjer på, Sahara-ørkenen, Sinai-ørkenen. Men ørken kan og vera ei hending i tida, ein naudsynt periode med fordjupning der ein skjermar seg frå verdas mange inntrykk. Den tredje og siste meininga til ordet ørken er andeleg og mystisk. Ørken er ikkje ein stad , men ein indre prosess. Det handlar ikkje om ein stad eg kan slå meg ned og ta det med ro, men ei indre forandring som rører ved grunnen i heile mitt vesen.
Van Meerssche forklarar vidare kva som ligg i dette med utgongspunkt i profeten Elia. " Som forbillede i Karmel er gjeve oss profeten Elia, møtets profet, ørkenens mann. Vi kallar han "vår far og leiar" , pater et dux. Elia levde i ei tid då folket hadde falle frå Herren........... Dei hadde falle i den verste verste av alle farer: avguderiet. Mot denne fare vart Elia sendt, som ein ny Mosos måtte han fri sitt folk frå det verste av alle slaveri, avgudsdyrkinga, og på det viset fornya sambandet med Herren."
Men først blir han ført ut i ørkenen, der må han bli som eit verktøy i Guds hender. Han talar så til kong Achab og spår at landet ikkje meir skal få regn. Han er ein talsmann for den levande Gud. Etter dette talar anden på ny til han og han får beskjed om å gå bort og gøyma seg ved bekken Kerit (1.Kong 17.3). I Karmelittordenen har Elias tilhald ved bekken Kerit alltid vorte sett på som eit bilete på den mystiske livet, å vera open for Herren i det indre, å la seg næra av det guddomelege livet. Elia blir her både sendebud og førebilete, den indre ørkenvegen han går er og alle kontemplative kalt til å gå.
"Den ørkenen vi opplever er ein truas og kjærleikens ørken. Denne ørkenen må gjerast innvendig. Det er ein prosess som handlar om å sleppa taket, tapa all menneskeleg støtte, for til slutt å setta vår ein og fulle tillit til Gud åleine. Den karmelittiske ørken er ein mystisk ørken."
Men tilhaldet i denne ørkenen er ingen flukt frå fellesskapet, tvert imot er frukta av dette kjærleiksmøtet at det og set sitt preg på relasjonen til andre menneske. "Ørkenens einsemd er ikkje å dra seg vekk frå fellesskapet, men derimot ein andeleg prosess som frigjer oss frå oss sjølve og våre eigne interesser og frå alt som ikkje er Gud. Difor fører ørkenen oss tilbake til våre brødre og søstre, for at vi frigjorde frå oss sjølve, skal kunna sameinast med hans kjærleik."
Slik blir ørkenen ikkje noko goldt og livlaust men noko som gjev oss liv !





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar