tirsdag 12. august 2014

Dei siste kristne i Irak ?

Situasjonen i Nord-Irak tilspissar seg for kvar dag.Islamistanes overgrep mot kristne og andre minoritetar er utanfor vår fatteevne. Men dette er ikkje noko nytt, det einaste nye er at dette fangar heile verdas merksemd. Det gjorde det ikkje ved alle tidlegare overgrep og massakrar i dette området.
Det er viktig å sjå dette i ein større historisk samanheng. Kristendomen spreidde seg til Assyria, Babylon og Persia alt i det første hundreåret etter Kristus. I flg. Tradisjonen var det Thomas, Taddeus og Bartolomeus som grunnla kyrkja her. I 1.Peters brev er det på slutten ein referanse til dei kristne i Babylon (5:13), altså var det kristne grupper her svært tidleg. Denne austlege kyrkja fjerna seg etterkvart frå den vestlege , og på konsilet i Efesus i 431 kom det til eit endeleg brot. Bakgrunnen for det var biskop Nestorius  teologi som avveik frå det vestlege synet på Kristi guddommelege og menneskelege natur. Dei truande i Aust-Kyrkja har difor ofte vorte kalla nestorianarar, dei vert og kalla assyrisk kristne eller aust-syriske kristne. Kristendomen  spreidde seg etterkvart utover heile Sentral-Asia like til Kina. På 1400 talet rykka den mongolske herskeren Timur fram og fortrengte dei kristne. Det er historiar om korleis han halshogde 90.000 kristne i Bagdad og 70.000 i Tikrit. Sjølv om dei assyrisk kristne vart trengt tilbake til sitt kjerneområde i det som no er Nord-Irak klarte dei å føra sin tradisjon og si tru vidare til nye generasjonar. På midten av 1500 talet kom det til i skisma i Den assyriske kyrkja, i det ein del av kyrkja under patriark Sulaqa slutta seg til Den romersk katolske kyrkja, og vart det vi kjenner som Den kaldeiske kyrkja. Den gjenverande delen vart verande eit eige kyrkjesamfunn, og er det vi i dag kjenner som Den assyriske kyrkja. Det er dei kaldeiske kristne som utgjer størsteparten av dei irakiske kristne i dag. Dei har hatt sitt tyngdepunkt i Mosul der dei no er fordrevne frå. Begge desse kyrkjene har same aust-syriske liturgi og språk, og har i det siste kome over tidlegare motsetningar.
Mellom mongolanes overgrep på 1400 talet og ISIL's overgrep i dag, har dei kristne i Irak vorte forfølge ei rekkje gonger. På 1800 talet vart dei angripne av kurdarar, i 1914 erklærte tyrkiske Enver Pasha heilag krig mot dei kristne og mange vart drepne. Nye massakrar følgde i 1933, denne gongen utført av den irakiske hæren. Situasjonen under Saddam Hussein var heller ingen dans på roser for dei kristne, men samanlikna med det som følgde var det som å koma frå oska til elden. Stadige bombeåtek, attentat og bortføringar har kulminert i det som no ser ut som etnisk-religiøs rensing på den meste bestialske måten. Før Golf-krigen var det ca 1,5 millionar kristne i Irak( ca 5% av folkemengda), i dag er det bare eit par hundretusen att. Dei fleste av desse vil nok og flykta, alternativt møta martyrdøden.
Kyrkjene i Irak har reist seg etter overgrep frå mongolar, tyrkarar, kurdarar, irakiske militære, men i dag ser det mørkare uten enn nokon gong. For første gong på snart to tusen år vert den heilage messa ikkje feira i Mosul. Ein ser for seg eit kristent kjerneområde utan kristne. Ein kan protestera, vona og be og kanskje støtta seg til Kristi ord til Peter.
    Kaldeiske irakarar feirar jul i eksil.

 Då sa Peter til han: «Herre, er det du, så sei at eg skal koma til deg på vatnet.»  «Kom!» sa Jesus. Peter steig ut av båten og gjekk på vatnet bort til Jesus.  Men då han såg kor hardt det bles, vart han redd. Han tok til å søkka, og ropa: «Herre, berg meg!»  Med det same rette Jesus ut handa og greip han og sa: «Du lite truande – kvifor tvila du?»  Så steig dei opp i båten, og vinden stilna.  Men dei som var i båten, tilbad han og sa: «Du er sanneleg Guds Son!»
(evangelieteksten frå sist søndagsmesse i Matteus 14.)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar