mandag 11. august 2014

Den heilage Edith Stein:forbøn for dei forfølgde.

8.august er minnedagen for ein av forige hundreårs viktigaste helgenar, nemleg Den heilage Edith Stein (1891-1942). Ho er også kjent under klosternavnet Teresa Benedicta av Korset som ho tok då ho vart karmelittnonne. For alle oss i Karmelittordenen er ho førebilete, inspirator og forbedar. Edith Stein vart kanonisert i 1998 og utnemd til skytshelgen for Europa. I desse dagar vel eg og å sjå på henne som skytshelgen for alle forfølgde minoritetar. Edith Stein kom frå ein jødisk familie og var sånn sett alt i utgangspunktet ein del av ein forfølgd minoritet. Som konvertitt til kristendomen og seinare nonne vart ho minoritet i dobbel og kanskje tredobbel forstand. Eg trur ho hadde særleg omtanke for alle forfølgde. Edith Stein enda livet sitt som martyr i gasskammeret i Auschwitz. Den same lagnaden møter dessverre mange forfølgde i dag.

I desse dagar er vi vitne til brutal forfølging av religiøse og etniske minoritetar særleg i Midt-Austen.
Media full av skrekkhistoriar om islamistane i ISIL si brutale framferd mot både kristen og  den religiøse minoriteten yezidiene. Det er funne massegraver og  mange er stranda på Sinjar fjellet utan mat og drikke. Eg må vedgå at eg som sikkert mange andre knapt hadde høyrt om denne folkegruppa. Yezidiane er ei kurdisk talande folkegruppe som har halde til i Midt-Austen sidan lenge før både islam og kristendom oppstod. Dei praktiserar ein blandingsreligion med røter tilbake til det gamle Mesopotamia. Religionen deira har teke opp i seg element frå både zoroastrisk religion, jødedom, islam og kristendom. Dei har vorte forfølgde opp igjennom historia, men har på mirakuløst vis overlevd til no, men sannsynlegvis er det bare eit par hundretusen igjen. Mange har og for lengst flykta til Vesten, i Norge er det omløag 300-400 yezidiar. I dag er dei meir trua enn nokon gong, islamistane har som klart mål å utrydda desse "vantru." Som dei kristne i Irak treng dei alle mulig støtte, både militært, humanitært og i form av  forbøn.

                         Den kaldeiske biskopen Hanna Qullo helsar yezidiprinsen Khayri Beg.

Edith Stein: " Dess mørkare det blir rundt oss, dess meir må vi opna oss for lyset ovanfrå."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar