Orda
Orda
skrumpar gradvis inn
setningane vert
kortare og fattige
stadfestande
her og no
berre her og
no
framtida er
ikkje lenger ein visjon
fortida
oppløyst i fragment og fraser.
Om ord kunne
investerast
og takast ut
med renter etter mange år
då hadde du
vore velståande i dag
du som hadde
lest så mykje
og hadde så mange og så kloke ord.
Nydelig !
SvarSlettMvh Marie