Vengjer
Sein
ettermiddag i januar
eg stoppar
opp i skumringstimen
gnir liv i
stivfrosne fingrar
medan lufta fylles av drivande snøfnugg
og suset frå
vinden i tretoppane
i furua bak
meg ein stor orrfugl
vender seg
mot lyden
for så å
strekkja vengjene
nesten lydlaust
glir han
lågt gjennom
vinterskogen
når vinden
løyer
er det som
eit sus frå større vengjer
og så
stille, heilt stille
som den
heilage augneblinken
like etter
at den siste kyrkjeklokka
tonar ut.
Vakkert skildra.
SvarSlettNaturen gir nokre slike heilage augneblikk.
Mvh Marie