Give a soul a night of fearless sleep
Give me love, give me Peace
Don`t you know these days you pay for everything
Got high hopes, got high hopes, I got high hopes,
got high hopes."
Slik avsluttar tittelsporet på Bruce Springsteens siste album "High Hopes" som kom i midten av januar. Håpefullt, for kanskje er det ikkje slik at "they`re gonna smother love, they`re gonna shoot your hopes" ? Sjølv om mange av tekstane hans kan verka mørke og tragiske trur eg absolutt det er dette håpet han er ute etter å få fram for oss alle!
Dette er Bruce Springsteens attande album, i over ein mannsalder har han dominert rockemusikken og blitt enormt populær ikkje minst her i landet. "High Hopes" har fått litt varierande annmeldingar,
eg er ikkje samd i at dette er eit "kvileskjær", her er mykje å bli begeistra over. "High Hopes" er sett saman av coverlåtar, spor som ikkje kom med på tidlegare album og nye utgåver av tidlegare utgjeven musikk slik som "The Ghost of Tom Joad." Det betyr på ingen måte at det er andrehands låtar. Gitaristen Tom Morello har teke Steven van Zandts plass i bandet til Bruce Springsteen, den siste nemnde har blitt "kidnappa av nordmennene" og spelar som kjent mafiaboss i serien "Lilyhammer." Tom Morello er definitivt med på å løfta albumet.
Det er nok dei rolege balladane eg set mest pris på, ikkje minst den vakre "Dream Baby Dream" som avsluttar albumet, men og "Hunter of Invisible Game" med sine klare bibelske referansar.
" Now pray for youself that you may not fall
When the hour of deliverance comes on us all
When our hope and faith and courage and trust
Can rise or vanish like dust into dust
There`s Kingdom of love waiting to be reclaimed
I am the hunter of invisible game."
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar