søndag 9. februar 2014

Jordi Savall: musikk og historie

"Music allows you to travel anywhere. It is a time machine." seier den den spansk-katalanske musikaren, musikkvitaren og orkesterleiaren Jordi Savall i eit intervju i det siste nummeret av BBC Music.  Det har og vore den raude tråden i hans liv som musikar, å knyta saman musikk og historie, ulike epokar og kulturar. Musikk og historie er uløyseleg knytt saman. Kunstmusikk veks ut av musikken som  har levd i folkedjupet og blitt overført frå generasjon til generasjon.
Jordi Savall vart fødd i Igualada i Katalonia i 1941, han fekk si musikkutdanning i Barcelona og Basel. I 1974 skipa han orkesteret Hesperion XX(XXI) som etter kvart har vorte ein av dei leiande innan framføring av tidleg musikk i Europa. Seinare har han og leia orkesteret Le Concert des Nations som hovudsakleg framfører musikk frå barokken. Jordi Savall var gift med sopranen Montserrat Figueras og dei samarbeidde tett om ulike musikkprosjekt fram til ho døydde i 2011.Det var eit stort slag for Jordi Savall, i eit minneord skriv han vakkert:"I have had the great privilege of sharing 45 years of intense, fruitful life with Montserrat. She was friend, companion, lover, mother, muse, teacher and an exceptional source of wisdom throughout our life together." Ei trøyst må dette det vera at begge barna, Arianna og Ferran har gått i foreldras fotspor.

Eit av Jordi Savalls store prosjekt har vore å få fram til no ukjent musikk frå  historias djup og på den måten få oss til å forstå litt av tidlegare tiders store rikdom, og at vi byggjer på forfedrenes erfaring.
Jødisk (sefardisk) musikk frå den iberiske halvøya, keltisk muiskk, og sjølvsagt katalonsk musikk har vore nokre av Savalls prosjekt. I det siste har han og støtta og fått fram musikarar frå krigs og kriseområde, for ein del år tilbake var det Balkan, i dag er det Syria. I løpet av 2014 planlegg han konsertar med musikarar som har flykta frå krigen i Syria og fått med seg instrumenta sine, og no får spela saman med Savalls ensemble Hesperion XXI. Eit lite men viktig bidrag til fred og forsoning.

Eg lyttar til  Jordi Savalls "Jeanne d`Arc Batailles et Prisons" som kom i 2012. To CD med musikk frå Jeanne si tid og ei bok med tekstar og illustrasjonar. Nærare kjem ein ikkje byrjinga av 1400 talet med hundreårskrigen og denne tenåringsjenta som drog ut i krigen og leia den franske hæren mot engelskmennene. For så å bli klaga for hekseri og brent på bålet, men enda opp som Frankrikes nasjonal helgen. Savall let det bli levande for oss som ein "tidsmaskin".
                                         Jordi Savall og Montserrat Figueras i lukkelegare tider.

Konsertopptak med tidleg spansk musikk der Arianna Sarvall og norske Rolf Lislevand medverkar:

http://www.youtube.com/watch?v=rB2pOGaaHAY

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar