mandag 3. februar 2014

Meg eier ingen

Den svenske filmen "Meg eier ingen " som for tid går på norske kinoar er eit drama som grip tak i ein og ikkje let ein sitja att urørt. Regien er ved Kjell-Åke Andersson, hovudrolla som den alkoholiserte industriarbeidaren  Hasse med dattera Lisa er mesterleg spelt av Mikael Persbrandt.
"Meg eier ingen" er basert på forfattar og kulturredaktør Åsa Linderborgs sjølvbiografiske roman med same tittel som kom for eit par år sidan, og som fekk stor publisitet. Boka vart ein bestselgar både i Sverige og Norge, og forfattaren vart brått ein media kjendis. Rett nok hadde ho også tidlegare markert seg offentleg både som historikar med ei oppskrytt doktoravhandling om svensk sosialdemokratis historiefortolkning, og som forfattar og kulturredaktør i Aftonbladet. Men det var med denne djupt personeleg boka ho fekk sitt gjennombrot. Åsa var datter av industriarbeidar Leif B. Andersson og halvt russiske Tanja Linderborg som  har markert seg som politikar på venstresida. I 1972 då ho var fire år forlet mora familien, og Åsa vaks opp saman med faren fram til tenåra. Min barndom var absolutt annleis skriv ho i boka, faren hadde på ingen måte orden på dagleglivet, og hans aukande alkoholmisbruk gjorde det meir og meir komplisert for Åsa. I dag ville nok barnevernet grepe inn for lengst. Men dette er på ingen måte ein svart-kvitt historie, Åsa opplever og gjennom heile barndommen farens grenselause kjærleik og omsorg for henne. Når han blir funnen død åleine i leiligheten sin vel 60 år gammal opplever Åsa Linderborg at ho er uendeleg takksam og stolt over faren sin. "Jeg ønsket at jeg kunne fortalt han og hele verden hvor stolt jeg var over pappaen min. At jeg kom til å sakne han. Sakne han så forbannet."
I "Meg eier ingen" (Tittelen er henta frå eit GunnarEkeløf dikt: Meg eier ingen/Ikke engang jeg selv)
er det naturleg nok det nær og personlege som ber historien, men her er og eit anna og vidare perspektiv. Historikaren Åsa Lindeborg skildrar og ein tidsepoke med klår og analytisk observasjonsevne. Faren er industriarbeidar, proletar og har er stolt av det, men samstundes  hemma og kua. Den tradisjonelle industriarbeidaren er på veg ut, sosialdemokratiet som har vore berande i etterkrigstida er i krise, mange engasjerar seg på ytterste venstrefløy også Åsa og mora hennar. Dette er sånn sett også ei politisk bok og ikkje minst ei bok om ei "klassereise", frå arbeidarklasse oppveksten til den intelektuelle forfattaren og akademikaren i samfunnets øverst skikt.

Eg kjøpte boka på flyplassen i Stockholm for fire år sidan og las henne  i eit strekk på veg heim. Ofte blir ein skuffa over filmversjonen av ei bok ein set høgt, men sånn sett ikkje i dette tilfellet. Eg opplever at filmen får fram bodskapen og kjenslene i filmen sjølv om Åsa Linderborg ikkje var like fornøgd med film versjonen. Personane i film er og omforma frå Leif og Åsa til Hasse og Lisa.
Filmen sluttar og byrjar med Lisas doktordisputas, faren er ikkje innbydt men han har sendt ein konvolutt med 500 kroner og Lisas kallenavn "Tussigull" utanpå. Det blir veldig sterkt !
Åsa Linderborg set sjølv ord på dette når ho på siste side i boka lurer på korleis ho skal kunna forklara dette store spriket i livet  for sine to barn: " Hvordan skal jeg kunne forklare hvordan det føles å sovne ved siden av en utslitt kropp som lukter både svette, øl og ensomhet, i tillegg til en trassig drøm om solidaritet og rettferdighet."   
                                                                                                                                                                            Livet er aldri bare svart eller kvitt, det som utanpå kan synast trist og håplaust kan ha eit stort rom     med kjærleik og varme !



                                          Hasse og Lisa i første del av filmen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar