onsdag 19. februar 2014

Pave Johannes Paul og Karmel


Pave Johannes Paul (1920-2005) vil saman med sin forgjengar pave Johannes XXIII bli helgenåra 27.april i år. Johannes Paul vil gå inn i historia som ein av dei store personlegdomar på slutten av 1900 talet uavhengig av om ein delar trua hans eller ikkje. Johannes Paul var ein karismatisk, klartenkt og visjonær leiar av Kyrkja som nådde ut til menneske over heile verda. Men han hadde og eit rikt indre liv, Johannes Paul var   framfor alt ein mann med ei djup forankring i Kyrkjas  kontemplative bønetradisjon generelt, og den karmelittiske tradisjonen spesielt.  Etter at han vart prestevia i 1946 ønskte han å tre inn i Karmelittordenen, men fekk avslag av sine overordna og vart sendt til Roma for vidare teologisk studiar. Det resulterte mellom anna i ei doktoravhandling om eit svært så karmelittisk tema, tittelen var ” Trosproblem i Den hellige Johannes av Korsets verker.” Johannes sitt omgrep ” sjelens mørke natt” var nok sentralt for Johannes Paul forstått som den ørkenvanding vi må gå igjennom for å ta i mot Kristus på eit djupare plan, men kanskje såg han her og ein parallell til dei mørke åra både hans heimland Polen og store delar av Europa måtte gå igjennom under nazismen og kommunismens ondskap ?

To andre av Karmels store helgenar  var og viktige for Johannes Paul, nemleg
Thérèse frå Lisieux (av Jesusbarnet) og jødiske Edith Stein. Lik mange andre i Kyrkja såg  Johannes Paul at Thérèse hadde forstått det sentrale i evangeliet og ho kom til å prega 1900 talet kanskje meir enn nokon annan helgen. Denne unike karmelittnonna som døydde bare 24 år gammal vart naturleg nok utropt til kyrkjelærar av pave Johannes Paul.

Heilt frå oppveksten i Wadowice i Polen hadde Johannes Paul eit nært forhold til  byens jødar, og han skreiv seinare om dette i ”Brev til ein jødisk venn”. Som pave gjorde han og mykje for å få be om tilgjeving og få til ei forsoning med jødedomen. Karmelittordenen har med sine røter frå Karmel berget og profeten Elias ein nærare tilknytning til jødisk tradisjon enn andre retningar, og kanskje er det ikkje tilfeldig at Johannes Paul her fann inspirasjon for sitt engasjement for jødane? Eit høgdepunkt vart nok  helgenkåringa av Edith Stein, jøde, filosof , karmelittnonne og Auschwitz-martyr. Eit naturleg neste steg var å utnevna henne til skytshelgen for Europa saman med to andre store kvinner, Katarina av Siena og svenske Birgitta av Vadstena.

I Edith Stein blir arven  frå Johannes av Korset knytt saman med den jødiske tradisjonen, samstundes som kvinnenes sentral plass i Kyrkja blir framheva.

Maria-vørdnaden har ein spesiell plass i karmelittiske spiritualitet, skapularet som alle karmelittar ber er eit ytre tegn på at ein lik helgenen Simon Stock har vigd seg til ”Vår frue av Karmelberget.” Johannes Paul  hadde kontakt med Karmel alt som barn og han fortalde følgjande på slutten av livet.” Eg ber enno skapularet akkurat slik eg tok i mot det av karmelittane ved ti års alder.”

Han må altså han fått med seg den karmelittiske andelege tradisjonen og spesielt Maria-vørdnaden alt frå barndomen. Som pave tok han valgspråket ”Totus Tuus” (Heilt din) som eit uttrykk for at han hadde vigd seg til Guds mor slik at ho kunne føra han inn i eit stadig djupare fellesskap med Kristus. Karmelitt og biskop Anders Arborelius skriv ein innsiktsfull artikkel om Johannes Paul og Karmel der han oppsummerar dette : ”Sedan sin barndom hadde han burit Karmels skapular som just vill uttrycka denna vår vigning til Maria, under vars beskydd vi ställer oss för att vi vid henne hand skal föras fram til Jesus och få del av hans frälsning och nåd.”

Pave Johannes Paul hadde nok mange andelege inspirasjonskjelder, men det er nok ikkje å ta for stekt i å hevda  at Karmels tradisjon i stor grad kom til å prega både hans ytre liv i verda men i enno større grad hans bøneliv. Anders Arborelius skriv at alle som møtte han vart slått av at han såg ut til å be heile tida. ”Be uavlateleg!”  oppfordrar Paulus i første brev til Tessalonikarane.

I ”En russisk pilegrims beretning” er dette bibelverset utgongspunktet for hovudpersons  pilegrimsreise,det store spørsmålet blir: korleis leva i bøna og be uavlateleg. Pave Johannes Paul såg ut til å ha funne svaret.

 


 Biskop Anders Arborelius  overrekkjer eit ikon til pave Johannes Paul i 2001.

 

 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar