fredag 15. februar 2013

Erkebiskop Timothy Dolan

Det er regnfull og kald førjuls søndag på Manhatten. Ikkje snø og skøyteis i Central Park men juleutstillingar slik bare amerikanarane kan det. Eg trekk jakka godt opp i halsen og går i regnet frå hotellet til St. Patricks cathedral, New Yorks største katolske katedral men likevel liten samanlikna med skyskraparane rundt. Vel komen inn i katedralen er det varmen som slår mot meg og då varme i overført tydnad, varmen frå eit levande katolsk felleskap og ein hyrde som tek sitt ansvar på alvor. Eg kjente ikkje til erkebiskop Timothy  Michael Dolan frå før, men eg blir i løpet av denne søndagsmessa  " ein stor fan" av han om eg kan uttrykkja meg slik. Han har ei sterk utstråling, preika engasjerar, han er uhøgtidleg og sjølvironisk og det er tydeleg at folk i New York er begeistra for denne kyrkjepleiaren. At Vatikanet også har tillit til han viser det seg året etter (2012) då han blir utnevnt til kardinal. Den siste veka har han blitt trekt fram som ein aktuell pave-kandidat når pave Benedikt no trekkjer seg tilbake.
Timothy M.Dolan er fødd i 1950, han har ein akademisk karriere bak seg med doktorgrad i amerikanske kyrkjehistorie,men han har og hatt ei lang rekkje andre verv i Kyrkja. I 2002 vart han utnevnt til erkebiskop i Milwaukee og i 2009 overtok han som erkebiskop i New York. Omlag samstundes vart han også vald til president for den amerikanske bispekongressen.
Han er blitt kjent for å vera engasjert og frittalande med store evne til å kommunisera med folk flest. Han er ein solid teolog og forkynnar,og har ein karismatisk utstråling. Han har spesielt enasjert seg i prestekall og i organiseringa av presteseminara. I si tid i Milwuakee fekk han ein del kritikk i samband med overgrepssakene i Kyrkja, han har seinare vist sterkt engasjement i desse vanskelege sakene og har hatt ein nær dialog med overgrepsoffer.
Timothy Dolan vil nok fylla pavestolen. Han har mange eigenskapar som er til hans fordel , men at han er nordamerikanar går nok i hans disfavør. Overgrepssakene ligg framleis som ein mørk skugge  over Den katolske kyrkja i USA. Det blir og trekt fram at han ikkje er særleg sterk i italiensk. Men det siste let seg vel retta på ! Uansett kva som skjer vidare vil mi beundring  vara ved.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar