lørdag 2. februar 2013

Poetica:Kyndelsmesse

Vi feirar i dag Kyndelsmesse (Praesentatio Domini) til minne om Herrens framstilling i tempelet førti dagar etter fødselen.


                  Kyndelsmesse

Som dei gamle kveikjer oljelampen

når Simeon løfter opp barnet

eit svakt og jamnt ljos omsluttar dei to

stør seg på brune lafta veggar

og  nedbrotne søylegangar

der det dryp frå taket

over mildver og holkeføre

trø varsamt no

snart skal du bera fram ljoset !

Antifon  til vesper: "Salig er du, rettferdige Simeon, fordi du tok imot Kristus, Herren, folkets forløser."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar