lørdag 9. februar 2013

"Livkveikjingspiler"

I Olav Nygards dikting er det ofte eit stort spenn mellom det kosmiske og universelle, og det nære og kvardagslege. "Sola skyt livkveikjingspiler" er eit slikt dikt. Olav Nygard blir  rekna for vanskeleg tilgjengeleg pga. mange ord som er ukjente for oss i dag. Dels er det gamle norske ord, dels dialektuttrykk og dels ord han sjølv har laga med nye og orginale samansetningar. "Livkveikjingspiler" er eit slikt spesielt ord, som seier mykje både i konkret og overført tyding.

Sola skyt livkveikjingspiler
til hundratals klotar og fleir.
Men inni ein løyndelund kviler
ein liten fugl i sitt reir.

Ned yve dagtyrste lundar
ber sola sin gullstraaleflaum.
Men inn under lauvtekkja blundar
den vesle fuglen i draum.

Det er den evige storsong
der sola i rømdene ror;
men fuglen gjev liv fyr sin morstrong
og skaper sjæler av jord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar