tirsdag 19. februar 2013

Stein til stein

"Stein til stein" er tittelen på den siste boka til Jon Fosse. Det er ei diktsamling med 39 korte dikt og ein salme til slutt. Jon Fosse er for dei fleste best kjent som dramatikarar, men han har gjennom heile karrieren også hatt ein lyrisk produksjon. Tematikken er den same som i verka for scenen.Det er dei store eksistensiell spørsmåla han rører ved, det som ikkje så lett kan uttrykkjast i språket men kanskje bare fornemmast ordlaust. Alle dikta i denne samlinga er korte og biletleg konkrete, men dei rører seg like over det store ordlause djupet.
Titteldiktet "Stein på stein":

stein på stein
og sjø på sjø
og ein himmel
veldig som havet
ein der ute kan sjå

nokre fåe hus
nokre båtar

og ei stille
heilt stille

Avslutningsvis får vi den vakre "Nattsalme":

Det finst ei jord som opnar seg
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att

Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mjukt imot
og let deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot

Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel.


1 kommentar:

  1. Gler meg slik til at eg får den diktboka i hende, nett fått i gåve Dikt i samling av han. Ein stille, forsiktig mann, med ordet i si makt, på ein vàr måte.

    Denne Nattsalme er rett vakker.

    mvh Marie/MT

    SvarSlett