fredag 8. februar 2013

Poetica:Olav Nygard

Då professor i litteratur Asbjørn Aarnes nyleg døydde, skreiv eg eit lite minneord på bloggen. I 2004 kom han med ei bok om lyrikaren Olav Nygard  som eg skreiv ei bokmelding om i St. Olav. Likesom Asbjørn Aarnes har eg og alltid sett denne særmerkte vestlands-diktaren høgt.



"Då den snart attenårige Paul Claudel i juni 1886 for første gong fekk Arthur Rimbauds diktsamling ”Illuminations” i hendene opplevde han det som materiens panser rundt han vart opna. Kanskje opplevde eg noko av det same då eg for første gong møtte Olav Nygards dikting. Her var ein som såg langt utover det kvardagsleg og samstundes hadde si forankring i det, han var både ”jordson og himmelson”. Olav Nygard sette ord på vår lengt, på vår eksistensiell uro og vår hjelpelause forvirring stilt overfor ”væren”. ”Eg er ættvill i verda, sym i eit
skoddehav, veit kje um d`er ein himel eller ei attmura grav.” Eg opplevde at det
ikkje kunne seiast betre, både form, språk og innhald gjekk opp i ein høgare
einskap som tala utruleg sterkt.

Olav Nygard er nok ein lite kjent diktar i dag og har nok heller aldri fått den plassen han rettmessig hadde fortent. Det er fleire grunnar til det, han utgav berre fire små diktsamlingar i sitt førtiårige liv, språk og innhald gjorde han på mange måtar vanskeleg tilgjengeleg, mange har vel og oppfatta han som ein lokal vestlandsdiktar. Desto meir prisverdig er det at Asbjørn Aarnes lyftar han
fram i ljoset i boka ”Poesien hos Olav Nygard.Et dikteralbum ” som nyleg kom ut på Pax forlag. All mogleg ros til både forfattar og forlag for det.

Boka er tredelt, første delen er Aarnes fenomenologisk tilnærming til sentrale
tema i Nygards lyrikk . I andre delen følgjer så ei rekkje brev hovudsakleg til kona Rakel, brev han skreiv under opphaldet på Luster sanatorium, men og brev
til Hulda Garborg. Olav Nygard stod Garborg familien nært og budde i periodar hjå dei. Siste delen av boka har fått overskrifta ”Poetenes vitnesbyrd”, her let Aarnes nærare tredve norske lyrikarar , frå Arne Garborg og Anders Hovden til
Jon Fosse og Georg Johannesen , koma fram med sine opplevingar og tankar
kring Olav Nygard og hans lyrikk. Den som kanskje klårast såg det store i
Olav Nygards dikting var Claes Gill. ”Det er en sfærenes sønn som har gjestet jorden, som har båret den tunge lagnad som ble lagt på han uten å la seg friste til
småsnakk og meningsytringer eller dogmatisk engasjement” skriv han på slutten av femtitallet. Ein annan stad uttaler han at dersom Nygard hadde skreve på eit
verdspråk ville han ha hatt rang mellom dei store i verdslitteraturen. At Nygard står i ein europeisk tradisjon som strekk seg frå Shakespear (som han omsette),
Goethe, Shelley, Keats, Burns(som han og omsette) via Wergeland og Hőlderlin
er det liten tvil om. Han var ikke primært heimstaddiktar eller vestlandsdiktar men ein diktar som stod i ein europeisk andeleg og kulturell tradisjon.

”Det ugjensigelige” er tittelen på innleiingskapittelet i boka og dette blir
Aarnes primære inngangsport til diktaren. Han knyter tråden til den revolusjon
i forståinga av poesien som starta med Charles Baudelaire og som fekk inn-
verknad både på poesien som kunst og på litteraturkritikken som fag.
Diktingas tale er ”ugjensigelig”, eller med andre ord det som er sagt kan ikke seiast om igjen med andre ord eller språkteikn. Det tyder ikkje at diktinga ikkje gjev innsikt men det er ein inkarnert innsikt, eller med Olav Nygards ord ,diktinga har ”fått ljodham”. Poeten og mystikaren prøver begge å seia noko som
går utover kvardagsrealismen, noko som språket har problem med å favna.
Olav Nygard var begge deler, han var utan tvil visjonær og mystikar, hans erfaringar gjekk utover det dei fleste av oss forheld oss til i dagleg livet. Kanskje
var det difor ”han var sjølvlysande, ljoset stråla ut or hans eigi rike sjæl” som Anders Hovden skreiv i 1930. Denne visjonære som let det uskapte ljoset stråla
gjennom seg, denne formidlar av det som ikke kan seiast er det Aarnes let oss møta i denne boka. Det er eit møte ikkje primært frå ein analytisk ståstad men meir som eit nært møte i personleg samkjensle med denne særmerkete diktaren
Difor er det vi og får kjensla av å koma så nær innpå han.

Det høver å dvela litt ved ei eit spesielt dikt til slutt . Aarnes framhevar dette som eit høgdepunktet i Nygards dikting, ja kanskje i norsk dikting i det heile.
Det dreier seg då om diktet ”Til son min” som Nygard arbeidde på i fleire år
heilt fram til like før han døydde i 1924. At han også sjølv såg det store i dette
diktet tyder svaret på sonens spørsmål: ”Far , skal eg få eit dikt ? ” Faren svarar:
”Ja, og det er eit dikt som ingen son i verda har fått maken til.”
”Til son min” er eit platonsk prega visjons dikt om sonen frå han i sin pre-
eksistens ” blunda lagnadslaus i æveblaanar” til lengten dreg han mot eit jordisk
tilvære slik at han til slutt ”i vogga laag med varme kinn.” Eg minnest at diktet gjorde djupt inntrykk på meg og eg siterte det for meg sjølv då eg sjølv fekk ein son.
 ”Og lengten rodde ut or sine fjordar
  og lærte seg dei lange bylgjeslag
  og auka maale, som når dult det torar,
  til dine draumeheimar kom i ag.
  Daa brast dei aandelette æterkringar,
  og jorda med si dragmagt naadde inn.
  Daa seig du kvar den stund i mindre svingar
  til du i vogga laag med varme kinn.”

Kort tid etter forlet Olav Nygard tida og går inn i æva. Kona Rakel skildrar den
siste stunda. Olav såg mot taket og seier: ”Eg ser ei sol….” Rakel svarar: ”Det er
sola som skal lysa deg heim, Olav. ”Ja ” svarar han og det vert det siste ordet
til diktaren. Høver det ikkje godt å setja dette ”ja” som både overskrift og avslutning?  Eit ja til livet og denne forunderlege lagnaden vi er sett inn i og som
både Olav Nygaard  og Asbjørn Aarnes hjelper oss til å skjøna litt meir av."

  

Diktaren i Modalen der han vaks opp og mitt dikt til han ein vinterdag på Vestlandet.



"Novembermorgon
gjennomskinleg uforløyst
det knasar i is langs vegen
tida sprekk
lik denne tunne ishinna
på vatnet heime
vidopen mot det andre
ljoset brenn novemberkaldt
inn i vestlandsdagen
Å vera heime i bygda
Å leva i kosmos
likevel åleine
uroleg søkjande
over jordskorpa der
”sola skyt livkveikjingspilar
til tusentals klotar og fleir.”

 
             

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar