søndag 29. april 2012

Cet amour de la musique


Cet amour de la musique (denne kjærleiken til musikken) var tittelen på ein fransk TV dokumentar om pianisten Hélène Grimaud som vart sendt  tidlegare denne månaden. Kanskje er det den beste karakteristikken av henne, denne kjærleiken, denne pasjonen for musikken.

Hélène Grimaud er i dag ein av verdas mest anerkjente pianistar med vel 100 konsertar i året med  alle dei store dirigentane og orkestra. Ho vart fødd i 1969 i Aix-en-Provence av ikke musikalske foreldre  med jødisk  bakgrunn. Ho var ikkje  eit bråmodent vindunderbarn, hennar talent vart  oppdaga nærast ved ein tilfeldighet. Etter kvart vart ho teke opp ved Paris konservatoriet, og kunne i 1987 debutera som konsertpianist med Orchestre de Paris dirigert av Daniel Barenboim. Seinare har det blitt mange CR innspelingar og uttalige konsertar.

Hélène Grimaud har blitt karakterisert som utradisjonell og nyfortolkande, mange har samanlikna henne med den myteomspunne kanadiske pianisten Glenn Gould.

Eg lyttar henført til den siste live innspelinga hennar frå ein konsert i Mὔnchen i fjor, Mozarts pianokonsert  nr. 19 og 23.
http://www.youtube.com/watch?v=j8e0fBlvEMQ&feature=results_video&playnext=1&list=PL60C5EE891105AE4C




Hélène Grimaud har og eit sterkt engasjement i noko som tilsynelatande ligg langt frå klassisk musikk, nemleg vernet av ulven. Ho har grunnlagt Wolf Conservation Center nord for New York.

lørdag 28. april 2012

William Blake

To see a World in a Grain of Sand
And a Heaven in a Wild Flower,
Hold Infinity in the palm of your hand
And Eternity in an hour.

(Å sjå ei verd i eit sandkorn
og ein himmel i ein vill blomst,
halde det uendelege i handa
og det evige i ein time)
Tor Obrestad si omsetjing

Dette vesle verset som innleiar William Blakes (1757-1827) dikt  "Auguries of  Innocence" vart eg så
oppteken av at eg lærte det utanatt  for mange år sidan. Det seier ein del om kor vidt William Blake favna som kunstnar, som visjonær og som menneske engasjert i si samtid.
Han var ein av dei største  både som biletkunstnar og som ordkunstnar, men og så mykje meir.
William Blake viste ei forståing av både psykologi, sansing og erkjenning som ligg nærare vår tid enn 1700 talet. Han hadde eit sterkt sosialt engasjement som sprang ut av all den fattigdomen og uretten han såg omkring seg i Londons  gater, og få var det vel i hans samtid som var istand til å sjå det vesle barnet slik han gjorde. Det er vakkert skildra i "Sings of Innocence and of Experience." som han illustrerte med eigne kopartrykk.
Sjølv om mykje  ved Blake kan verka moderne henta han sin inspirasjon frå kjelder som er uforståelege for dei fleste i vår tid. Blake var mystikar, visjonane kom til han heile livet og var hans viktigaste inspirasjonskjelde. Som barn kom han heim og fortalde at han hadde sett eit tre full av englar, og profeten Ezekiel under ei grøn grein. Fantasi og hallusinasjonar i moderne terminologi, men for Blake var alt levande sanseinntrykk som han med intens konsentrasjon gjorde til stor kunst.



William Blakes  "Ancient of days"  (Daniels bok kapittel 7)


Blake illustrerte dikta  og trykte dei som koparstikk. Eit døme er The Chimney sweeper, eit dikt med klar sosial brodd mot barnearbeidet som var utbreidd i London på den tida. Men som også er aktuelt i vår tid.


Ein liten svart ting i snøen stod
ropte og skreik i stønn av blod.
Sei meg , er far din og mor di her ?
Dei gjekk for å be borti kyrkja der

Fordi eg smilte i vinterens snø,
og dansa glad omkring ein gong,
kledde dei meg i klær av død
og lærde meg livsens sørgje-song.

Fordi eg er glad og dansar som best,
trur dei dei gir meg gode kår,
og lovprisar Gud og hans Konge og Prest
som lagar ein himmel av nauda vår.
,

Mange av dikta i "Songs of Innocence and Experience" handlar om glede, barn og natur.Men og skuggesida: sosiale stengsler, fattigdom og urett. Samstundes er her noko som peikar utover mot det store andelege kosmos som han skulle utforska i sine seinare og meir utilgjengelege verk, men og noko som peiker innover i det minst like store  umedvitne sjelelandskapet.



Nurses Song


When the voices of children, are heard on the green
And whisprings are in the dale:
The days of my youth rise fresh in my mind,
My face turns green and pale.


Then come home my children, the sun is gone down
And the dews of night arise
Your spring & your day, are wasted in play
And your winter and night in disguise



,

torsdag 26. april 2012

Vondskapens ideologi

Pave Johannes Paul II  hadde personlig erfaring med det han seinare karakteriserte som " det ondes ideologier". Under krigen stod han i mot den nazistiske okkupasjonsmakta i heimlandet Polen, i etterkrigsåra vart det kommunistiske diktaturet hovudmotstandaren. "Erindring og identitet" vart den siste boka han skreiv før han døydde i 2005. Her reflekterar han mellom anna over grensa for det vonde i Europas historie.
"Jeg har personlig erfart "det ondes ideologier". Det er noe som forblir umulig å hviske bort fra min erindring. Først var det nazismen. I de årene opplevde vi mye grusomt. Men mange sider ved nazismen forble skjult. Ikke alle oppfattet den ondskap som virkelig raste i Europa, heller ikke vi som stod midt opp i det hele. Vi levde under et veldig utbrudd av ondskap og bare gradvis begynte vi å forstå dets virkelige vesen.
------------------
Senere , da krigen var over, tenkte jeg med meg selv: Herren  Gud lot nazismen eksistere i tolv år og etter de tolv årene gikk den under. Det var åpenbart  grensen det gudommelige forsyn satte for en slik galskap."

Men  det var ikkje over i 1945, ein ny ideologi tok makta i store delar av Europa. Johannes Pauls skriv vidare
"I 1945, da krigen var over, virket kommunismen både sterkere og farligere enn før. I 1920 hadde vi hatt et klart inntrykk av at kommunismen ville beseire Polen og fortsette lenger inn i Vest-Europa , med det mål for øye å erobre hele verden.Det skulle det som kjent ikke bli noe av. Men etter seieren over nazismen i 2.verdenskrig fikk kommunismen nytt liv og satte skamløst ut for å erobre, om ikke hele verden, så ialle fall Europa."

Etter å ha karakterisert hovudtrekka i den nazistiske og kommunistiske ideologien konkluderar Johannes Paul med det som etter hans meining har stått for grensa mot vondskapen i Europa.
"Hvis jeg i det foregående har tydeliggjort grensen for det onde i Europas historie, må jeg nå konkludere med at det er det gode som utgjør denne grensen - det guddommelige og det menneskelige gode som har gjort seg gjeldende i vår verdensdels historie, gjennom hele det forrige århundre og årtusen. Samtidig er det vanskelig å glemme den ondskapen man har erfart direkte. Den kan bare tilgis. Og hva betyr det å tilgi, om ikke nettopp det å henvende seg til den godhet som er større enn all ondskap ? Denne godhet har sin eneste grunnvoll i Gud. Bare Gud er denne godhet."



søndag 22. april 2012

Himlen har sove bort mørkret

Himlen har sove bort mørkret
Stjerner har lagt seg til ro
Lys ifrå havlandet seglar inn
Fuglane vaknar no.

Slik byrjar tittelsporet på Sigrid Moldestad sin nye CD som kom no i vår. Det meste av både tekst og musikk står ho sjølv for, men her er og tekstar av Robert Burns  og  Tove Ditlevsen. Sigrid Moldestad frå Breim  har utvikla seg til å bli ein av dei fremste  nyskapande folkemusikarane i Noreg. Ho byrja som tradisjonelle folkemusikarar med formidling av slåttetradisjonen, men har etterkvart nytta meir og meir av eigenprodusert stoff. Samstundes har ho gått frå vera felespelar til å kombinera fela og det vokale. Nyskapande, men og djupt grunnfest i vestlandsk folkemusikktradisjon.
Denne siste utgjevinga held same høge kvalitet som den forige "Sandkorn" for to år sidan. Her er musikk og tekstar til ettertanke. Opplevingar frå barndomen i Breim, tilbakeblikk over både sorg og glede, og refleksjonar over englar i "Englesong". " .. dei kjem forkledd som oss og e her til vi dør / dei ser deg gjennom dør og rute." Vel verdt å lytta til!


http://www.youtube.com/watch?v=NY2Wgufz254




Himlen har sove bort mørkret
Stjerner har lagt seg til ro
Lys i frå havlandet siglar inn
Dagane bjønde no.

Poetica:Bronsealderfoten


                                            Bronsealderfoten

                     Er dette tidløysa

                           eller berre ein liten flik

av den store forteljinga ?

Bronsealderfoten

avtrykket så mykje mindre

enn min eigen fot

varleg skrapt ut av gråstein

ikkje tilfeldig

ikkje utan ferdigheit

og heller ikkje utan tru

ei stor tru på varmen

frå den glødande solkula

som på midtsommardagen

den lengste dagen

varleg let flammehavet gli ned

bak horisonten

sløkt i bølgjene

i von om ei ny oppstode

eit nytt liv

neste morgen neste år

den vesle foten

som ber den store trua

peikar rett på augneblinken

der sol og hav vert foreina

og gjentek seg

inntil tida tek slutt

blir ein del av

mi vesle forteljing

der eg denne tidlege vårdagen

sveipt i nordvest og solforgylt

let foten trø ut av tida

kvilande i tidløysa.





Helleristningane på Penne mai 2010













Stjärnöga

Stjärnöga

Stjärnöga, du som jag mött

långt i försvunna tider,

nu är det kvälldags, och trött

min ungdom till vila skrider.



Irrbloss, som världen har tänt,

slockna så lätt i världen.

Stjärnöga, mycket har hänt,

sedan vi skildes på färden.



Villsam är vägen som går

fram genom mörka länder.

Stjärnöga, Stjärnöga, når

jag aldrig mer dina händer ?



Tag mina händer och led

mig in i ditt ljusa rike.

Stjärnöga, giv mig din fred

och låt mig varda din like.





”Stjärnöga” er eit av den svenske lyrikarens  Bo Bergman(1869-1967) vakraste kjærleiksdikt. Han var poet, journalist, litteratur- og teaterkritiker og medlem av Svenska Akademien. I si samtid var han ein av Sveriges meste leste poetar. Poesien hans er tradisjonell i forma, melodisk med eit melankolsk og lengtande preg.  Mange av dikta hans er tonesatt av komponistar som til dømes Stenhammer.  Bergman var oppteken av dei store spørsmåla i tilveret men fann nok ikkje  sikre svar som så mange andre.

Diktet ”Stjärnöga” er personleg, det er retta mot hans store ungdomskjærleik Maria Almqvist som han aldri fekk , men  som  var i tankane  hans heile livet like opp i høg alderdom. Kanskje er det og derfor at det er så formfullendt og uttryksfullt?

Bor Bergan vart ein svært gammal mann. På slutten av livet sit han i bustaden sin i Stockholm og ser mot  Djurgårdsfärjan som  ein dag i lågsesongen styrte tom mot eit øde ferjeleie. Bergman skriv: ” Charon du gamle färjeman, ro hit ett tag/Mitt namn är Bo Bergman. Nu kommer jag.” Snart etter vart han bønhøyrt  98 år gammal.

Kom när jag sover

men väck mig inte.

Lägg din iskalla hand

på min panna,

så går febern över,

den gamla envisa febern

som kallas livet.












søndag 15. april 2012

Poetica:Minne og oppstode



           
                                        
                 Minne og oppstode
         
               Lyset fell skrått no
               vi er på veg heim
               undrande tilbakelente
               dei døde held på å løfta
               av seg vinterdyna
               skitne snøflekkar viser enno veg
               der gravplassen glir mot elva
               føl straumen nedover
               skrapar mot tida og sanden
               havet fargelaust urørleg
               minna søkk mot botnen
               bølgjene vil løfta oppstoda.


          
                             

         


         

           

          
         

           

           

         

           

           

lørdag 14. april 2012

"Alene"

Dikt og prosa i samling av fjorårets nobelprisvinnar Tomas Transtømer er mesterleg omsett av Jan Erik Vold og utgjeve på Gyldendal forlag.
I samlinga " Klanger och spår" frå 1966 har Transtrømer eit todelt dikt med tittelen "Alene". Det skildrar den brå og avgjerande augneblinken når ein ser døden i kvitauga. Det er til ettertanke(som alt Transtrømer har skreve).

Alene

Her var jeg like ved å omkomme en kveld i februar.
Bilen gled sidelengs på holka, over
på feil side av veien. De møtende bilene -
deres lykter - kom nærmere.

Mitt navn, mine jenter, mitt arbeid
rev seg løs og ble igjen lenger bak, tause,
stadig fjernere. Jeg var anonym
som en gutt i en skolegård omgitt av fiender,

Møtende trafikk hadde veldige lys.
De lyste på meg mens jeg styrte og styrte
i en gjennomsiktig skrekk som fløt som eggehvite.
Sekundene vokste - man fikk rikelig plass der -
de ble store som sykehusbygninger.

Man kunne nesten stanse opp
og puste ut et øyeblikk
før man ble knust.

Da oppstod et feste: et hjelpende sandkorn
eller et velsignet vindkast. Bilen kom fri
og for raskt tvers over veien.
En stolpe dukket opp og knakk - en skarp klang - den
fløy avgårde i mørket.

Til det ble stille. Jeg satt der i selen
og så hvordan noen kom gjennom snødrevet
for å se hva det ble av meg.

torsdag 12. april 2012

The art of losing

One Art

The art of losing isn't hard to master;
so many things seem filled with the intent
to be lost that their loss is no disaster,

Lose something every day. Accept the fluster
of lost door keys, the hour badly spent.
The art of losing isn't hard to master.

Then practice losing farther, losing faster:
places, and names, and where it was you meant
to travel. None of these will bring disaster.

I lost my mother's watch. And look! my last, or
next-to-last, of three beloved houses went.
The art of losing isn't hard to master.

I lost two cities, lovely ones. And, vaster,
some realms I owned, two rivers, a continent.
I miss them, but it wasn't a disaster.

-- Even losing you (the joking voice, a gesture
I love) I shan't have lied. It's evident
the art of losing's not too hard to master
though it may look like (Write it!) a disaster.
 
Amerikansk  kultur er så mykje ikkje berre country musikk og rock(men det og som  Bruce Springsteen og Emylou Harris) . Det er til dømes ein rik poetisk tradisjon i USA, Elisabeth Bishop ( 1911-1979) var ein av dei store poetane på 1900 talet. Ho vart fødd i Worchester, Massachusetts men levde store delar av livet i Sør-Amerika. Poesien til Bishop er visuell og fylt med fint observerte detaljar. Her er eit stort spenn frå det lett humoristiske til det mørke og mysteriøse. Eg fall for diktet  "One Art", det er lett og humoristisk men med ein djupt alvorleg grunn under. "The art of losing" må vi alle øva oss i, vi får tidsnok bruk for den.
 

mandag 9. april 2012

Stabat Mater 2.

Også norske forfattarar har lete seg inspirera av påsketeksten Stabat Mater. Først ein dikt av Arnold Eidslott( 1926- )

Mitt barn mitt barn
mitt legemes tunge frukt
Fjernt og med dempet røst
til døden ensom levde min Jesus
Men firmamentet speiles i det blod
som flyter over korsets grove hud
Som i genesis skal dine ord føde
galakser av kjærlighet i Adams ætt

Mitt barn mitt barn
min navnløse smertes
sønn med det navnløse Høye
Hvem løfter byrden av mine skuldre
Mine tårer er avlet av en dypere sorg
enn den jeg bærer min sorg er et ekko
av den kjærlighet som bærer denne verden
Nå roper Han barna hjem vår forlatte Far


Og så Hans Henrik Holms( 1896-1980) "Jomfru Maria tåregras "(Stabat Mater):

Der spikra upp på krossen vår Frelsar skulde døy
stod kløkkt på galgeberget i gråt Guds drotningmøy.
Medan kjælenamn ho mulla og trøystebønir las,
draup tåredoggi kveldsgjyllte i det grøne gras.
Dei sanka seg i bjarte små perlur yver strå
med blenk frå hennar kvide og stjernerymdi blå

( kløkkt: rørt til tårer, kvide: sorg, smerte, bjart: skinande, klar)


Den franske komponisten Francis Poulenc(1899-1963) har og sett tone til Stabat Mater i 1950.
Lenke til hans versjon:

http://www.youtube.com/watch?v=PYb3qmJO2_o

torsdag 5. april 2012

Stabat mater

Langfredag: Stabat mater.

Stabat mater dolorosa
Iuxta Crucem lacrimosa.
Dum pendebat Filius

(Standande i gråt og kvida
Herrens mor ser Sonen lida
høgt på kross og skjemdartre)

Cuius animam gementem
Constristatam  et dolentem
Pertransivit gladius

(Skjelvande til dauden såra
og av sverdet gjennombora
stend ho i sin hjarteve)

----------------------

Christe,cum sit hinc exire,
Da per Matrem me venire
Ad palmam victoriæ

(Kristus, lat på himmelstrender
hennar milde moderhender
retta meg sin sigerpris)

Quando corpus morietur,
Fac ut animæ donetur
Paradisi gloria !

(Ja, når moldi av skal siga,
lat då sjeli upp få stiga
til ditt sæle Paradis!)





                                             Michelangelos Pieta

Stabat mater er skreve av Jacopone da Todi på 1300 talet og vart teke inn i det romerske missale i 1727. Tonesatt av mange komponistar. Under lenke til Scuberts Stabat mater.


http://www.youtube.com/watch?v=tIaCSx5ch20&feature=related

Skjærtorsdag

"MEN det strømmer en kraft fra dine torner
og fra dine avgrunner toner en sang.
Dine skygger brer seg som roser på mitt hjerte,
og dine netter er som en sterk vin:
Jeg vil ennu elske deg der min kjærlighet til deg ender.
Jeg vil ennu ville deg der jeg ikke lenger vil deg.
Der jeg selv begynner, vil jeg opphøre,
og der hvor jeg opphører, vil jeg bli evindelig.
Der hvor mine føtter  vegrer seg for å gå med meg,
vil jeg knele ned,
Og der hvor mine hender svikter, vil jeg folde dem.
Jeg vil bli til et pust i stolthetens høst
og til sne i tvilens vinter,
Ja, som graver av sne skal all frykt i meg sove.
Jeg vil bli støv foran din læres klippe
og til aske foran ditt budords flamme -
Jeg vil bryte istykker mine armer
hvis jeg kunne omfavne deg med deres skygger."

Frå den tyske forfattarens Gertrud von le Forts (1876-1971) "Hymner til Kirken" (Hymnen an die Kirche) som kom ut i 1924, to år før ho konverterte til katolisismen.


Salvador Dalis nattverdbilete.


Antifon til Magnificat: Mens de holdt måltid, tok Jesus et brød, velsignet det, brøt det og gav det til sine disipler.

onsdag 4. april 2012

Wrecking ball

"They died building the railroads
they worked to bones and skin
they died in the fields and factories
names scattered in the wind
they died to get here a hundred years ago
they`re still dyin` now
the hands that built the country
we`re always trying to keep out

there`s diamonds in the sidewalk
the gutter`s lined in song....."

Teksten er frå "American land" som avsluttar Bruce Springsteens siste album " Wrecking ball" lansert 06.mars i år. Ein sterk tekst som hyllar alle dei  som gjennom historia kom til USA, arbeidde hardt og bygde landet. Dei fekk langt frå alltid den takk dei fortente, heller ikkje i dag, alle dei som "come across the water a thousands miles from home/with nothing in their bellies but the fire down below."
Det er ingen tvil om kvar Bruce Springsteens sympati ligg, det er definitivt ikkje hos profitørar og spekulantar.Han tar hardt i i fleire av melodiane. " He is angry and  accusing in these songs, to the point of exhaustion, with grave reason. The America here is a scorched earth: razed by profiteers, and suffering a shameful erosion in truly democratic values and national charity" skriv anmeldaren i "Rolling stone".
Er det framtidsvon for USA ? Kanskje både og ? Den vakre melodien "Jack of all trades"  skildrar ein desillusjonert arbeidsledig mann som til slutt ikkje lenger har tolmod: "If I had me a gun, I`d find the bastards and shoot `em on sight."  Men så finn vi også  mykje  av det motsatte i "Land of hope and dreams"  og ikkje minst i "We are alive" som sluttar slik:

"we are alive
and though our bones lie alone here in the dark
out souls and spirits rise
to carry the fire and light the spark
to fight shoulder to shoulder and heart to heart
to stand shoulder to shoulder and heart to heart
we are alive"







http://www.youtube.com/watch?v=UASyS-jUKKI

tirsdag 3. april 2012

Reservasjonsrett og sekularisme

I oktober i fjor kom det eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet som kraftig strammar inn fastlegars rett til å reservera seg mot prosedyrar som skaper samvitskonfliktar. Det dreier seg i første rekkje om henvisning til svangerskapsavbrot og assistert befruktning, men og tildømes tidleg ultralyd med tanke på å oppdaga foster med avvik. Utspelet frå departementet har skapt sterk debatt, og meir enn 500 legar og helsearbeidarar har skreve under på eit opprop mot denne innskrenkinga av samvitsfridomen. Statsministeren karakteriserar samvitsvanskar som " privat syn " og statssekretær Robin Kåss hevdar at fastlegar som ikkje rettar seg etter departementet sine lover og forskrifter må slutta i yrket.
Professor og fastlege Eivind Meland   har ein innsiktsfull kronikk  med overskrifta: " Autoritær makt forkledd som godhet."  Her skriv han mellom anna følgjande:" Skal fastlegeordningen ivareta sitt samfunnsoppdrag, må samvittighetsfrihet, frimodighet, respekt og barmhjertighet prege tjenesten. Det kan man ikke få til med Robin Kåss metoder." Forfattar Kaj Skagen set det heile på spissen og skriv om  at " Du skal ikke ha andre guder enn staten."
Kan ein sjå dette i ein større samanheng der sekularismen er i ferd med å bli einerådande som samfunnstyrande ideologi ? (då tenkjer ein Ves-Europa ikkje resten av verda) Religionen er litt etter litt blitt henvist til privatsfæren, og i realiteten blir religionsfridomen sette under press. Menneskerettane  har allmenn oppslutning både blant religiøse og sekulære, men vi kan sjå for oss eksempel  der dei kolliderar med samvitsfridomen. Det blir aktualisert når Europarådets parlamentarikarforsamling i 2007 krev at religiøse leiarar skal ta "utvedtydig standpunkt  til fordel for menneskerettigheter over alle religiøse prinsipper."
Religiøse symbol vert forbode i det offentlege rom, ikkje berre hijab men og kristne symbol. I England har folk mista jobben for å ha bore kristne symbol, og kor mange jødar vågar å gå med davidsstjerne i dagens  Europa ?
Ser vi konturen av ein sekulær stat  stat som gjennom eit uttal lover og forordninger detaljregulerar alle område i samfunnet  dermed legg opp til ein konformitet som alle må retta seg etter. Aldous Huxleys " Brave new world"  ?
Kvar blir det av samvits- og religionsfridomen oppi alt dette ? Fridom som privatisert rett til å ha meiningar og delta i religiøse sermoniar, men ikkje til å gje uttrykk for meiningar i det offentlege rom som går mot det staten og majoriteten held for det einaste rette.  Og i enno mindre grad  retten til å avstå frå pålagte handlingar som går mot den djupaste personlege overtydinga.
Viktigare enn nokon gong blir det då å stå opp for retten til å hevda synspunkt i det offentlege rom  som går på tvers av staten og fleirtalet, og å løfta fram samvitsfridomen som eit absolutt gode som må respekterast.

Regina cæli

Det er snart påske. Til kompletorium. dagens siste tidebøn i påsketida  avsluttar ein med  antifon til Maria: Regina cæli.

Regina cæli lætare, alleluia,
quia quem meruisti portare, alleluia,
Resurrexit sicut dixit, alleluia;
ora pro nobis Deum, alleluia.

(Fryd deg, du himmeldroning.Halleluja !
For han som du ble verdig til å bære,Halleluja !
Han er oppstanden som han sa.Halleluja !
Be for oss til Gud. Halleluja!)





Hodegetria. Ikon måla av Solrun Nes.