tirsdag 17. mai 2011

John i Cape Town

Det er ikkje så mykje vi veit om min grandonkel Johan(John) Selvin Nilson. Han vart fødd i Jondal i Hardanger 13. september 1878 som den sjette av fjorten søsken, den yngste var bestemora mi. Femten år gammal reiset ha  med faren Abraham til Cape Town i Sør-Afrika. Faren kom heim etter over tolv år , men Johan vart verande der resten av livet. Dei reiste  frå Jondal 18. oktober 1893 til Stavanger så til London via Hull før dei endeleg la ut på  den lange båtreisa til Afrika. Det var enno eit halvt år til bestemora mi vart fødd.
Det eksisterar ei lita notisboka der ha har notert korte observasjonar frå reisa men ikkje etter det. Eit par gulna avisutklipp fortel at han vart aktiv som syklist og vann ei rekke sykkeløp. Han arbeidde som bygningssnekkar, og slik var det også ha skulle døy i det han fall frå vindauga i ein bygning han arbeidde på ein tidleg januarmorgen i 1920. Ei lita avisnotis fortel om "Fatal fall from window." Han blei brakt til New Somerset Hospital men var då alt død. Det står også kort at han budde i bydelen Woodstock.
Så dukkar det opp eit par bilete utforma som postkort hos ein fotograf, Johan åleine, Johan og Freda. På baksida er det skreve "John and myself. Freda." Og så eit  amtørfoto, Johan og Freda i strandkanten den siste sommaren ? "My dear friend is gone. May his soul rest in peace. He will never be forgotten. God know best. Freda."
Det er alt, vi veit ikkje meir. Hadde dei born, det står ingenting om det ? Korleis gjekk det med Freda ?
Vi veit ikkje ein gong om dei var gift, kanskje var ho  bare kjærasten ? Spørsmål vi aldri får svar på.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar