onsdag 25. mai 2011

Sommer ved sjøen

"Han tenkte at det var Andrew som hadde lært ham å sette pris på tiden som går, uten å savne den, snarere glede seg over å se den svinne, slik man betrakter et vakkert bål som slukner ute på en eng."

Slik reflekterar den unge hovudpersonen  i Alberto Vigevanis roman "Sommer ved sjøen" (Estate Al lago)
som først kom i 1956 men nyleg er oversatt til norsk. Romanen foregår ein sommarferie i Menaggio ved Comosjøen ein gang på trettitallet.Hovudpersonen Giacomo er ein ung og usikker tenåringen som i løpet av eit par korte sommarmåneder har både gode og smertefulle opplevingar. Her er ikkje så mykje handling, tempoet er roleg, det sanselege desto sterkare til stades. Det er ein roman om avskjed, både  avskjed med barndommens uskuld men og med borgarskapest liv og tradisjonar frå mellomkrigstida. Snart bryt den andre verdskrigen og kastar alt det gamle og faste over ende. Men enno ei kort stund kan ein nyta denne rare, melankolske kjensla av tida som forsvinn , minna som blir verande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar