Freda sendt dette bilete med eit par ord på baksida. Sendt til svigerforeldrene ho aldri skulle få møta ?
Eg har reflektert litt omkring dette i ein tekst for eit par år sidan.
Freda
Freda, kven hugsar deg i dag
kven stryk deg over håret
og tørkar tårene dine
denne januarmorgonen for åttifire år sidan
eg pustar augustkveld
og blar i falma minne
lagar små sprekker i tida
knapt synlege opningar
som eg prøver å utvida med handa
før eg legg auga inntil
skimtar som gjennom isen på vindauga
i barneromet ein iskald vintermorgon
skuggane som knapt rører seg
angen av salt sjø
bølgeslaga og nakne føter i kvit sand
slik samlast alt, Freda
lukkeleg ved havet
og det varlege kjærteiknet over kinnet
som det siste ein januarmorgon
du tek farvel lik alle andre morgonar
kva gjorde du denne dagen
kven bar bodskapen til deg
og tørka tårene dine
tida bar deg
rolege hender skreiv med klår skrift på baksida
John and myself. Freda
på framsida ettermiddagen ved sjøen
så lenge før eller siste sommardagen
før du snur det siste biletet
og skriv med like klår skrift
My dear friend is gone
he will never be forgotten
God know best. Freda
slik vart tomromet bore over havet
i nord ukjente søsken
søstera han aldri såg
Freda, kan ein kjenna tomromet
etter ein bror ein aldri rørte ved
var tomromet berre ditt
eller ei gammal mor
bilete av femtenåringen ved rekka
ein regntung oktoberdag
for nesten tredve år tilbake
blanda tårene seg med regnet og vinden
og bleike barneandlet som tida strauk ut
før dei rakk å knyta sine mjuke fingrar
om handa hennar
enno slår bølgene mot stranda
lukta av salt sjø og bortvaska fotefar
i går og åttifire år sidan
nokon stryk deg over det lange svarte håret ditt
men snart gløymd når tida om litt
lukkar kvelden også om mitt skjelvande medvit
og berre eit undrande sekund er att
Freda !
Freda, kven hugsar deg i dag
kven stryk deg over håret
og tørkar tårene dine
denne januarmorgonen for åttifire år sidan
eg pustar augustkveld
og blar i falma minne
lagar små sprekker i tida
knapt synlege opningar
som eg prøver å utvida med handa
før eg legg auga inntil
skimtar som gjennom isen på vindauga
i barneromet ein iskald vintermorgon
skuggane som knapt rører seg
angen av salt sjø
bølgeslaga og nakne føter i kvit sand
slik samlast alt, Freda
lukkeleg ved havet
og det varlege kjærteiknet over kinnet
som det siste ein januarmorgon
du tek farvel lik alle andre morgonar
kva gjorde du denne dagen
kven bar bodskapen til deg
og tørka tårene dine
tida bar deg
rolege hender skreiv med klår skrift på baksida
John and myself. Freda
på framsida ettermiddagen ved sjøen
så lenge før eller siste sommardagen
før du snur det siste biletet
og skriv med like klår skrift
My dear friend is gone
he will never be forgotten
God know best. Freda
slik vart tomromet bore over havet
i nord ukjente søsken
søstera han aldri såg
Freda, kan ein kjenna tomromet
etter ein bror ein aldri rørte ved
var tomromet berre ditt
eller ei gammal mor
bilete av femtenåringen ved rekka
ein regntung oktoberdag
for nesten tredve år tilbake
blanda tårene seg med regnet og vinden
og bleike barneandlet som tida strauk ut
før dei rakk å knyta sine mjuke fingrar
om handa hennar
enno slår bølgene mot stranda
lukta av salt sjø og bortvaska fotefar
i går og åttifire år sidan
nokon stryk deg over det lange svarte håret ditt
men snart gløymd når tida om litt
lukkar kvelden også om mitt skjelvande medvit
og berre eit undrande sekund er att
Freda !
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar