Berre få dagar igjen til julehøgtida som vi har sett fram til gjennom Adventstida. Tredje søndag i Advent er Gaudete- søndag. Den liturgiske fargen er rosa, ikkje fiolett som resten av førjulstida. Vi gleder oss over Kristi snarlege kome! Her eit dikt frå nokre år tilbake.
Kom glede, kom ! (Gaudete søndag)
Dagen lukkar seg tidleg no
sola, berre eit glimt av vår sjeldne gjest
så tussmørket i ventetida
og lyset kan tennast
den rosa gleda bryt fasten
du kan ropa ut det som bore
av engelvenger opnar himmelen.
Stjernetydar, gjetar, vertshusvert,
kven dekkar bord for dykk ?
Kven sjenkar glas og delar ut,
ein frukt av gyllent korn og mørke druer ?
Vi ventar no, urørleg, lyttande.
Kom glede, kom !
Så enno eit juledikt av den skotske poeten Kenneth Steven



