fredag 28. november 2025

Den salige Maria Felicia av Jesus i Det heilage Sakrament

 Latin-Amerika er det kontinentet som har fleste katolikkar, likevel har vi ikkje så mange helgenar med latinamerikansk bakgrunn. Men 19. oktober fekk vi to nye i det pave Leo heilagkåra nonna Maria Carmen Rendiles og legmannen Jose Gregorio Hernadez, begge frå Venezuela.

Paraguay  er eit land vi knapt har høyrt om, bortsett frå at landet hadde det lengste diktatoriske styret i Sør-Amerika i det general Alfredo Stroessner styrte landet med jernhand frå 1954 til 1989.Paraguay er eit katolsk land, men landet har frå før berre ein helgen, Roque Gonzalez de Santa Cruz ein prest som levde på 1600 talet. I 2018 vart Maria Guggiari  Echeverria saligkåra og er dermed i ferd med å bli landets nye og svært populære helgen. Ho var ei karmelittnonne med klosternavnet Maria Felicia de Jesus Sacramentado ocd. Ho levde frå 1925 til 1959, ein saligkåringsprosess vart opna i 1997, og ho vart erklært venerabilis i 2010. Minnedagen er dødsdagen 28. april, og ho er skytshelgen for Paraguays ungdom.

Maria Guggiari vart fødd i ein liten by i utkanten av landet som den eldste av sju barn. Familien flytta seinare til hovudstaden Ascension.Ho mottok sin første kommunion i 1937, noko ho seinare hugsa som ei sterk andelege oppleving. Då ho var seksten år slutta ho seg til rørsla Katolsk aksjon trass i at foreldrene var imot det. Ho forplikta seg til dagleg kommunion og omsorg for fattige og lidande. Som for dei fleste helgenar var den daglege deltakinga i Eukaristien kjelda til hennar engasjement. Ho utdanna seg til lærar, og undervsite på barneskolar i tillegg til sitt sterk engasjement for Kyrkja. Gjennom Katosk aksjon traff ho medisinstudenten Angel Saua Llanes, son av en muslimsk innvandrar frå Syria. Ho vart forelska i han, og familien hadde sett for seg eit ekteskap, noko det ikkje vart noko av då Angel hadde eit kall til presteteneste. Dette var svært lite populært både i hans og hennar familie.

Ho kom tilfeldig i kontakt med priorinna for karmelittklosteret i hovudstaden, og ho forstod at ho hadde eit kall til klosterlivet. Angel hadde då byrja i presteseminaret, noko som var medverkande til til dette valget. Ho trådde inn hos karmelittnonnen i februar 1955, dei første løftene avla  ho i 1956. Ho tok då klosternavnet Maria Felicia av Jesus i Det heilage  Sakrament. I 1959 vart ho smitta av hepatitt- levernbetennelse frå ei medsøster ho stelte. Ho døydde 28. april 1959 etter bare fire år i klosteret , men etterlet seg eit sterk inntrykk på alle som hadde møtt henne. Hennar siste ord var :"Jesus, eg elskar deg. Kva for kjært møte! Jomfru Maria."

23. juni 2018 var fotballstadion  Estadio General Pablo Rojas fylt med fleire titalls tusen truande då kardinal Angelo Amato erklærte henne som salig. Kunstnaren  Koki Ruiz hadde lagd ei altertavle av  Maria Guggiari som og hadde kjelenavnet Chiquitunga, til det nytta han 30.000 rosenkransar samla inn frå heile landet. Eit fint minnesmerke for alle i Paraguay som er glad i sin ny helgen!


                                    Foto: ACI prensa

Sommarfuglar

 Fargerike norske sommarfuglar. Frå Dag og Tid november.

1.Admiral – Vanessa Atalanta

Admiral-sommarfuglen skal ha fått sitt navn alt på 1600-talet. Kanskje var det dei raude banda og kvite flekkane som gav assosiasjonar til admiralens uniform. Admiralen overlever ikkje norsk vinter, og innvandrar difor frå Sør-Europa på forsommaren. Ein del av neste generasjon dreg motsett veg på hausten. Vandresommarfuglar er også kjent frå andre kontinent, nyleg skildra i animasjonsfilmen for barn  « Sommerfuglen Sigurd».

2.Blåvinge – Polyommatinae

Blåvinger er ein talrik familie med mange arter som er  utbreidd på alle kontinent. Det er små sommerfuglar, under 40mm, med vakker blå farge i ulike mønster. I Norge er det registrert 18 artar, ofte er det heilt små detaljar som skil dei. Bilete er sannsynlegvis ein idasblåvinge. Dei overvintrar i puppestadiet og dukkar opp tidleg på våren.

3. Dagpåfugløye – Aglais io

Dette er ein dagsommarfugl som er lett å kjenne igjen på dei karakteristiske og fargerike vengene. Dagpåfugløye er relativt stor, vanlegvis  50 -60 mm. Dei overvintrar som vaksne individ, og dukkar difor opp tidleg på våren. Det er ein relativt ny art i Norge, først registrert i 1899.



Lille søster håp

 Frå St. Ansgar nytt november 2025.

Kjærleiken er det som bind saman, men kan ikkje skiljast frå trua og håpet. Størst blant dei er kjærleiken skriv Paulus, men håpet er det som ser framover. Den franske diktaren Charles Peguy samanliknar  med tre søstre, to store – trua og kjærleiken  og ei lita søster – håpet. Kanskje ser vi knapt det vesle håpet i midten mellom dei to store, men «Det er hun den lille, som trekker alt. For troen ser bare det som er, men hun ser det som skal bli. Kjærligheten elsker bare det som er, men hun elsker det som skal bli.»                           Tru – Håp -Kjærleik blir slik grunnpilarar i livet.

 



fredag 21. november 2025

Frei Gilson populær brasiliansk prest

 Gilson de Silva Pupo Azevedo betre kjent som Frei Gilson er ein ung brasiliansk karmelittprest som på kort tid har blitt svært populær i heimlandet takka vera sosiale media. Han vart fødd i Sao Paulo 17.desember 1986 og vaks opp med mor og bestemor. Då han var ni år byrja mora å gå til messe og engasjerte seg i Kyrkja. Unge Gilson tok ho med til katekismeundervisning  og bønnegruppe. Dette sådde eit frø i han som seinare førte han til karmelittordenen og prestekall. 7. desember 2013 vart han ordinert til katolsk prest. Han leiar menigheten Son do Monte ( Fjellets lyd) som spreier bodskapen via sosiale media. Her har Frei Gilson vist seg ikkje bare som prest med kraftfulle preiker men og som låtskrivar og artist. Med gitar og sangstemme når han millionar av følgarar spesielt dei unge, via WhatsApp, Youtube og Instagram. Hans rosenkrans andaktar seint på kvelden har blitt særleg populære med ein million følgarar.

Brasil er verdas største katolske land, men det er eit land med store sosiale problem  i form av fattigdom og kriminalitet. Noko vi såg nyleg då det vart utkjempa krigsliknande samanstøyt mellom politiet og gjengkriminelle. Politisk har landet vore splitta ikkje minst under høgrepopulisten Jair Bolsonaros presidentperiode. Sjølv om landet har flest katolske innbyggjarar i verda har katolisismen gått tilbake på bakgrunn av karismatiske protestantiske gruppers framgong. Dei har også for ein stor del støtta Bolsonaro politisk. Den katolske kyrkja har nok og gått i meir høgreorientert retning, og klart meir synleg enn venstresida. Men tilbakegongen ser no ut til å stoppa opp, kanskje takka vera prestar som Frei Gilson?  Han kjem ikkje med ein politisert bodskap, men formidlar den kristne bodskapen i ei form som når fram til dei mange unge som er grepe av ein katolsk - karismatisk fornying samstundes som dei knytter seg til det som er tradisjonell katolsk religiøsitet med sterkt fokus på eukaristien! Kanskje ikkje tilfeldig at det er ein karmelittprest som formidlar dette?

                                                Foto: Creative commons attribution 3.0 unported licence


mandag 10. november 2025

November

 Hans Børli ( 1918- 1989) tømmerhoggar og ein av våre mest siterte poetar. Kanskje avdi han med få og enkle ord set fokus på dei små og konkrete element såvel i naturen som i dagleglivet, dei som likevel er noko meir utover det vi ser og sansar her og no. Det er ein vid himmel over dikta,vi kjenner på det evige og uforklarlege, augneblinken,denne vesla stunda ,” disse ørsmå sekundene, skal leve usårlig i Tiden i all evighet.”

Han skildrar naturen gjennom årstidene, også grå, mørke og regnfulle november.

“ Så grått og stumt

November.

Ingen klang i lufta, stille

som i kjerkeklokka

en messefallsdag.

Den knisende lauvlatteren

forstummet i skogen, lukt

som av grå gravjord.

November-

sommeren slutt og

vinteren ennå ikke begynt.

Et interregnum, en tomhet

stor som på en gravølslåve

der de nettopp har “søngi ut” liket

og en øde eim av salmer og sorg

henger att i lukta av gammelt  høy.

Det er som stillheten oppe i himmelen 

og stillheten nede på ei ribbet jord

visker ordløst sammen om en avdød gud”


Men det er stjerner også i november:

“Stjernene i november

store, klare

over lasete

lauvfallslier:

Utkjempet sorg,

ensomhet, ord

fra tusen uskrevne

kjærlighetsbrev,

brodert med nennsomme  sting

av glitrende sølvtråd

på himmelens djupblå fløyel.”






lørdag 8. november 2025

Maria dogmer

 Helgenar generelt og Maria spesielt er det utan samanlikning det hyppigaste tema som dukkar opp når ikkje- katolikkar stiller spørsmål om katolsk lære. Det er ikkje alltid så lett å forklara for dei som tilhøyrer ei retning der Maria nærast vart ein lite viktig biperson i Evangeliet, slik tilfelle vart under Reformasjonen på 1500 talet. Men rett skal vera rett, det var nok på ingen måte Martin Luthers intensjon. På den andre sida kan ein falla i motsatt grøft med ei overdreven Maria dyrking, der ho nærast får ein gudinnestatus. Ein del katolikkar har ivra for at Maria også skal få tittelen “Co- Redemptrix” ( medforløysar) som eit dogme i tillegg til dei tidlegare erklært Maria dogmene.Frå før har vi erklæringa om Maria som “ Theotokos” ( Gudføderske) frå konsilet i Efesos i 431, Maria som evig jomfru frå 649, og i nyare tid pave Pius IX erklæring om ar Maria ikkje er undelagt arvesynda frå 1854, og til sist pave Pius XII erklæring om Marias opptaking i Himmelen med sjel og lekam frå 1954. Alle desse erklæringane vekte debatt, særleg dei to siste, og vart heftig kritisert frå protestantisk hald. Dei står fast som katolsk lære i dag! 

Vatikanet kom  for eit par dagar med eit skriv som har den latinske tittelen “ Mater Populi Fidelis” ( Mor til Guds trufaste folk), utarbeidd under pave Frans og no godkjent av pave Leo. Det blir her slått fast at uttrykket “Co- Redemtrix” ikkje skal nyttast då det lett kan skapa forvirring rundt Kristi unike posisjon i Frelsesverket. Samstundes blir Marias eineståande rolle i forhold til Kristus som den einaste frelsar og forløysar framheva. “Frå inkarnasjonen til korset og oppstoda var ho knytt til Kristus på ein måte som er unik og overgår alle andre truande” 

Dett er eit viktig skriv som hjelper oss til å unngå ei overdrivendMaria dyrking samstundes som det framhevar hennar unike posisjon i Frelsesverket. I bryllaupet i Kana vart ho minna på at det ikkje er meir vin, og ho viser då vidare til Jesus. Seinare vert det hennar oppgåve å halda fram med det same.. Vi kan då vera frimodige som bryllaupsgjestene og be om hennar forbøn i vissa om at det alltid blir løfta vidare til Sonen !