søndag 26. oktober 2025

Sommerfuglar og gjenfortrylling

 Sommerfugler fascinerar meg særleg Admiral sommarfuglen - Vanessa Atalanta. Det er ein vandresommarfugl som trekk nedover mot Sør- Europa og Nord- Afrika på hausten. Det er ein relativt ny art i Norge med åtferd som ikkje erså lett å forklar genetisk og evolusjonært. Det skjer ikkje så rask forandring i den genetiske koden, kva er det då som leiar Admiralen sørover på denne relativt nyleg oppdaga ruta ? Denne vesle fargerike skapnaden, omlag 5 cm stor og med hjerne som eit knappenålshovud! Då vitenskapen utvikla seg frå 17- 18 hundre talet skjedde det ei avfortrylling av verda slik filosofen Max Weber uttrykkjer det. Eit mekanistisk syn på såvel fysikk og biologi vart dominerande, og dermed trua på endelege og enkle forklaringar. Kvantefysikken og moderne genetikk trakk grunnen vekk under denne mekanistiske forklaringa.Årsak og verknad er ikkje lenger så lett å forklara i eit kvantefysisk perspektiv, genetikken er ikkje ein enkel avlesbar kode, då ville vi vore robotar programmert for eit habitat og eit åtferdsmønster. Det er vi ikkje og heller ikkje den vesle, fargerike admiral- sommarfuglen. Vi er  heller ikkje nærarer til å forstå kva liv er og kva medvit er! Å sjå sommarfuglen ein haustdag snart på veg sørover er sånn sett ei grenseerfaring, det bidreg og til gjenfortrylling av tilveret! Det er ein heilskap, meir samansett og komplekst enn vi har kunna forestilt oss. Vitskapen rører seg i dette rommet mellom avfortrylling og gjenfortrylling, alltid søkande og undervegs. Eg er ikkje ein stor fan av Richard Dawkins, men han har eit poeng når han skriv:” Science is the poetry of reality.” Vi kan både som deltakarar og tilskodarar bare stilla oss fulle av undring til dette store og fascinerande tilveret!

 Fargerike norske sommarfugler

1.Admiral – Vanessa Atalanta

Admiral-sommarfuglen skal ha fått sitt navn alt på 1600-talet. Kanskje var det dei raude banda og kvite flekkane som gav assosiasjonar til admiralens uniform. Admiralen overlever ikkje norsk vinter, og innvandrar difor frå Sør-Europa på forsommaren. Ein del av neste generasjon dreg motsett veg på hausten. Vandresommarfuglar er også kjent frå andre kontinent, nyleg skildra i animasjonsfilmen for barn  « Sommerfuglen Sigurd».

2.Blåvinge – Polyommatinae

Blåvinger er ein talrik familie med mange arter som er  utbreidd på alle kontinent. Det er små sommerfuglar, under 40mm, med vakker blå farge i ulike mønster. I Norge er det registrert 18 artar, ofte er det heilt små detaljar som skil dei. Bilete er sannsynlegvis ein idasblåvinge. Dei overvintrar i puppestadiet og dukkar opp tidleg på våren.

3. Dagpåfugløye – Aglais io

Dette er ein dagsommarfugl som er lett å kjenne igjen på dei karakteristiske og fargerike vengene. Dagpåfugløye er relativt stor, vanlegvis  50 -60 mm. Dei overvintrar som vaksne individ, og dukkar difor opp tidleg på våren. Det er ein relativt ny art i Norge, først registrert i 1899.







mandag 20. oktober 2025

Nye helgenar

I går 19.oktober erklært pave Leo sju nye helgenar i Den katolske kyrkja. Eg har tidlegare skreve om hans første helgenkåring i september der Carlo Acutis og Pier Georgio Frassati vart erklært som heilage. I går var 70.000 samla på Peters plassen, av dei mange pilegrimar frå Venezuela med sitt nasjonalflagg som kjennemerke.

Pave Leo innleia: " I dag har vi framfor oss sju vitner, dei nye heilage, som med Guds nåde  heldt truas lampe brennande. Ja dei blei i seg sjølv lamper som kunne  spreia lyset frå Kristus utover verda.Må deira forbøn vera oss til hjelp i våre prøvelsar, og må deira eksempel inspirera oss i vårt kall til heilagdom."

To av dei nye heilage kjem frå Venezuela og vert dei første helgenar frå dette Sør-Amerikanske landet som har vore i medias fokus i det siste av politiske grunnar. Eg har tidlegare skreve om legen  Jose Gregorio Hernandez Cisneros. Den andre helgenen frå Venezuela er Maria del Carmen Rendiles Martinez (1903-77) ,ei nonne som trass i at ho vart fødd utan den eine armen gjorde ein innsats for Kyrkja og sine medmenneske utover det vanlege. I 1965 grunnla ho ordenen  Jesu tjenere i Caracas.

To martyrar er mellom dei heilage, den eine Peter To Rot frå Papua Ny Guinea, han vart drept under den japanske okkupasjonen i Den andre verdskrigen. Den andre er Ignatius Maloyan, ein biskop i den armensk-katolske kyrkja som vart drept under folkemordet på armenarane under Den første verdskrigen.

Bertolo Longo er kanskje den av dei heilage som er best kjend i Italia. Han var advokat og forlet Kyrkja som ung og vart satanist, men etter kvart kom han  tilbake til Kyrkja. Han grunnla Vår Frue av Rosenkransen i Pompeii, som er eit populært pilegrimsmål. Han framheva Maria og Rosenkransbøna, og han foreslo bøner også konsentrert om Jesu offentlege liv. Det inspirerte pave Johannes Paul II til i 2002 å føya til Lysets mysterier i Rosenkransen på torsdagen!

Ytterlegare to kvinner, begge nonner, vart erklært som helgenar denne søndagen. Vincenza Maria Poloni grunnla ordenen "Barmhjertighetens søstre i  Verona". Maria Troncatti også ei italiensk nonne, som i 44 år verka som misjonær blant urfolket shuarene i Amazonas i Ekvador." Ho ofra heile sitt liv til å hjelpa denne folkegruppa som lærar, sjukepleiar, kateket og mange andre tenester. Folket sette henne svært høgt, ho var deira "Madrecita - Vesle Mor".

19. oktober var også Misjons-søndagen og pave Leo avslutta: " Kyrkja er i sitt vesen heilt misjonerande, men i dag ber vi spesielt for dei menn og kvinner som forlet alt for å bringa evangeliet til dei som ikkje kjenner  det. Dei er håpets misjonærar mellom menneska. Måtte Herren velsigna dei."





lørdag 11. oktober 2025

St.Patricks Cathedral

 St.Patricks Cathedral ligg sentral på Manhatten og er på mange måtar sentrum i amerikansk katolisisme. Eg var der til messe for ein del år tilbake, det var erkebiskop seinare også kardinal Timothy Dolan som forretta messa. Eg hugsar det som ei svært fin oppleving. Katedralen var ferdig i 1879 og var vigd til Irlands nasjonalhelgen St. Patrick etter initativ frå irske immigrantar med erkebiskop John Joseph Hughes i spissen. Nyleg har katedralen vore i fokus i samband med avdukinga av spektakulære veggmåleri utført av kunstnaren Adam Cvijanovics etter initativ frå erkebiskopen. Kunstverket har tittelen:”What`s so funny about Peace,Live and Understanding”, tematikken er såvel historisk som dagsaktuell og utan tvil med ein viss politisk undertone. Ei viktig inspirasjonskjelde er openberringa i Knoch i Irland 21.august 1879, same år som katedralen stod ferdig. 15 personar i byen skal då ha fått eit syn av Jomfru Maria, Josef og evangelisten Johannes saman med Guds Lam omgjeven av englar.Seinare har dette vorte eit populært pilegrimsmål.

Veggmåleria knyter fortid og notid i det vi får sjå dei første truande immigrantane som kom til New York for to hundre år sidan og scener frå notidas storby. Mange historiske personar dukkar opp i kunstverket, vi har alt nevnt erkebiskop Hughes som starta bygginga av katedralen, amerikanske helgenar som Frances Xavier Cabrini og den første “ native american” som er kanonisert Kateri Tekakwitha dessutan ei kvinne frå moderne tid, Dorothy Day, grunnleggar ac Catholic Worker Movement og ein mogleg framtidig helgen. I forgrunnen også vår tids immigrantar, og over det heile dei vernande englane.




søndag 5. oktober 2025

Vår Frue av Rosenkransen

 Oktober er Rosenkrans- månaden, minnedagen er 7. oktober. Vi feirar og Vår Frue av Fatima. Etter messe er det prosesjon med Maria- statue i spissen og Rosenkransbøn i fellesskap. Ein fin og trusstyrkande kveld!

Herlighetens mysterier

rediger
  • Jesu oppstandelse fra de døde (Joh. 20,1-10)
  • Jesu himmelferd (Apg. 1,6-11)
  • Den hellige ånds komme (Apg. 2,1-12)
  • Marias opptagelse i himmelen (Åp.12,1)
  • Marias kroning i himmelen (Åp. 2,10b)





Ave Maria på bokmål

Hill deg, Maria, full av nåde,
Herren er med deg,
velsignet er du iblant kvinnene,
og velsignet er ditt livs frukt, Jesus.
Hellige Maria, Guds mor,
be for oss syndere,
nå og i vår dødstime.
Amen.


På nynorsk:

Ver helsa, Maria, du som har fått nåde,
Herren er med deg.
Velsigna er du mellom kvinner,
og velsigna er ditt livs frukt, Jesus.
Heilage Maria, Guds mor,
be for oss syndarar,
no og i vår dødstime.
Amen.


På latin:

Ave Maria, gratia plena
Dominus tecum, benedicta tu
In mulieribus et benedictus
Fructus ventris tui Iesus.
Sancta Maria, Mater Dei,
Ora pro nobis peccatoribus,
Nunc et in hora mortis nostrae.
Amen

lørdag 4. oktober 2025

Nye helgenar frå Venezuela

 19.oktober vil pave Leo utpeika sju nye helgenar, to av desse frå Venezuela. Dette landet med store interne problem får dermed sine første helgenar. Den eine er  Maria Carmen Rendiles (1903-1977), grunnleggar av ein nonneorden "Jesu tjenere i Caracas".Den andre er kanskje meir kjent iallfall i heimlandet, legen Jose Gregorio Hernandez ( 1864-1919). Han vart saligkåra i 2021, og går no snart frå salig til heilag.

Jose Gregorio Hernandez vart fødd i ein avsidesliggjande landsby i Andesfjella. Han tenkte på jusstudiet, men foreldrene oppmuntra han til å studera medisin, og han vart utekssaminert i frå universitetet i Caracas i 1888. Hernandez viste seg som ein uvanleg dyktig student og fekk stipend for vidare studiar i Europa. Han oppheldt seg i Paris der han studerte bakteriologi, patologi og fysiologi. Han tok med seg dei nyaste framskritt tilbake til Venezuela. Ein periode var han tilbake i heimbyen som lege, men resten av livet verka han i Caracas. Han dreiv praksis der han særleg hadde eit auge for dei fattige og forkomne, samstundes arbeidde han akademisk, og han underviste medisinstudentar. Hernandez var ein mann med mange talent, han snakka fleire språk, han var musikalsk, sydde sine eigne dressar og  skal ha vore ein dyktig danser, men framfor alt var han ein svært from mann. Det var som i mange høve mora som hadde formidla trua til han. " Helt fra voggen av lærte min mor meg dyd, hun lot meg vokse opp i kjennskap til Gud og gav meg kjærligheten som veiviser." Det førte til at han i sitt profesjonelle liv som lege heile tida såg Kristus i dei sjuke, fattige og lidande. Han fekk tilnavn som " de fattiges lege", "kjærleikens apostel" og "vonas misjonær".

Jose Gregorio Hernandez følte  også på eit kall som munk eller prest. Han reiste to gonger til Italia, den ein gongen for å bli karteuser munk, den andre gongen for å byrja på presteseminar. I begge tilfelle måtte han gje  seg av helsemessige årsaker. Tilbake i heimlandet held han fram sitt arbeid som lege , ikkje minst gjorde han ein stor innsats under spanskesyka som ramma landet. Han døydde på tragisk vis i ei trafikkulukke  29. juni 1919. Ei stor folkemengde følgde han til grava. Han vart ein svært populær i heimlandet også etter sin død. ikkje bare blant katolikkar, men også i dei synkretistiske religiøse retningane. Dette kan nok ha verka inn på saligkåringsprosessen som vart innleia i 1949, og førte fram til saligkåringa i 2021 i Caracas under leiing av erkebiskopen. Etter eit nytt stadfesta mirakel er han no klar for heilagkåring 19. oktober. 

Heilage Jose Gregorio Hernandez be for alle sjuke og lidande ! 



fredag 3. oktober 2025

Elegi over massakrer

 Poeten Arnold Eidslott har i diktsamlinga “ Det forlatte øyeblikk” frå 1978 ein lang diktsyklus med tittelen “Elegi over Oradour-sur- Glane” . Det er kanskje ikkje så mange utanfor Frankrike som kjenner til denne vesle landsbyen i Sør-Vest Frankrike som Eidslott set fokus på . 10.juni 1944, kort tid etter D- dagen gjekk tyske SS- soldatar inn i landsbyen og massakrerte 642 sivile på dei mest grusomme måtar. Det var hevn for drap på tyske offiserar i dette området.Ekstra tragisk var det at landsbyen sannsynlegvis vart forveksla med den nærliggjande Oradour-sur-Vayres som også er eit poeng i Eidslotts dikt. President de Gaulle avgjorde etter krigen at Oradour-sur-Glane ikkje skulle byggast opp, men ruinane skulle stå som eit evig minnesmerke over denne brutale massakren på uskuldige sivile.

Eidslott innleiar sterkt og bibelsk:

“Bær røkelse

frem for våre døde

i Jesu vår gjenløsers navn.

—————-

Oradour-sur-Glane

Med asken av dine døde

vitner du for Herrens trone”

Vidare:

“Døden overalt

Som vinden og regnet”

Så tekstar som kraniet, verdensbrannen , kor av de døde, men det er ikkje bare mørkt, i Gloria lyder eit av versa: 

Oradour-sur-Glane

der er åpnet en vei

gjennom det ytterste mørke

Selv de som ammet døden

skal trøstes”

Det avsluttar med Gråten frå nabolandsbyen Oradour-sur-Vayres:

I demringen tok det til å gråte

Det gråt like ved og langt borte


Folk rev vinduene opp og tendte lys

i de redde husene sine


Og gråten silte ned fra kirketårnet

og rullet inn fra åpne havet


Man skjøt med skarpt etter gråten

og gikk manngard med store lykter


Men gråten lot seg ikke stanse

Det var i demringen før hanen gol


Oradour-sur-Glane flammet i skyene

og de døde sto opp til sin egen messe


Snart gråt både himmel og jord

og varm aske fløt i det  høye rommet


Da sto Frelseren forklaret frem

og kastet tausheten ut som et garn


Og det ble stille på jorden

og i himlen og på havet langt borte


Det var i demringen og hanen gol

Tre ganger fra jordens fire hjørner”


Det handlar om juni 1944 i ein liten by i Frankrike, men det er like mykje dagsaktuelt. Vi kan byta ut Oradour-sur-Glane med Ukraina, Kongo, Sudan, Nigeria eller Gaza! Død,flammer, oske og gråt er den same, men vi vonar og trur at det ein gong vart opna ein veg utover  lidinga og døden!