fredag 26. september 2025

The silent island

 Gårsdagenes forestilling i Kilden, Kristiansand vart ei sterk oppleving såvel visuelt som lyttande. Det var eit samarbeide mellom Kilden og Kunstsiloen der musikken var samkjørt med det visuelle i form av spennande animasjonar. Kvelden byrja med Kjetil Bjørnstads tonesetting av John Donnes kjent og ofte siterte tekst “ No man is an island, entire of himself. Every man is a part of the continent, a piece of the main.”  Avslutninga var Henry Purcells “ When I Am Laid in Earth.” Frå Dido og Aeneas Mellom dette musikk av Fartein Valen - La isla de las Calmas ( The silent island), Johannes Brahms, Arvo Pärt, David Lang, Philipp Glass, Anatoly Lyadov og Henryk Gorecki.  Kanskje opplevde ein litt av det som den tyske sosiologen Hartmut Rosa kallar “resonans” - ein slags  vibrerande kontakt mellom ein sjølv og verda.”Det finnes øyeblikk da verden synger - et anruf- til oss.”  Kva er det som karakteriserar denne opplevinga av resonans? Rosa nevner fire aspekt: noko som rører oss utanfrå og som vi i neste omgong gjev respons på. Resonans vil så føra til ein transformasjon, ei forandring. Men vi har ikkje kontroll over denne resonanserfaringa, vi rår ikkje over den. Resonans blir slik sett ei motvekt mot den “ akselerasjonen” som karakteriserar det moderne samfunnet. Kva erfaringar er det som leiar inn  til denne resonansen? I går var det utan tvil  kunst og musikk, ein annan dag poesi, naturopplevingar, mellommenneskelege møte og erfaringar, og ikkje minst religion som Rosa skriv om i “ Det lydhøre hjertet.” Det synes likevel som musikken er i ei særstilling som oppleving av resonans.

Den estiske komponisten Arvo Pärt seier om dette:”Man kan skriva om sine upplevelser, musikkens struktur, dess form och kanske något mer. Det är betydeligt svårare att överföra själva musikken til  ord. Jag tror att den sanning som finst i konst och musik orsakar en djup och hemmelighetsfull resonans hos en människa. Det sker när man själv har ett behov av att finna sanningen och har en gåva att känna igen denna sanning.”





mandag 15. september 2025

Martyrer

 Eg  har fleire gonger tidlegare skreve om dei 16 karmelittnonnene frå Compiegne som vart avretta 17. juli 1794 under Den franske revolusjonen. Dei vart saligkåra i 1906 og kanonisert av pave Frans 18. desember i fjor. I går vart dei feira i ei høgtidelege takkseiingsmesse i Notre-Dame de Paris leia av erkebiskop Laurent Ulrich. Han framheva deira vitnesbyrd gjennom martyriet som relevant også for vår tid. Mange frå karmelitt familien var tilstades for å hylla sine  medsøstre. Seinare på dagen var det ein prosesjon gjennom Paris gater frå Conciergerie der dei sat fengsla og så kjørt til Place de la Nation der dei vart henretta og deretter kasta i massegraver på Picpus kyrkjegarden. Mange karmelittar deltok i denne korsvegen mellom anna saman med speidergrupper.Seint på ettermiddagen samlast dei på gravplassen der dei og fekk æra ein relikvie, ei lita statue av Jomfru Maria som priorinna bar med seg og som  nonnene fekk kyssa før dei steig opp på skafottet! Pave Leo sendt ei helsing der han hylla desse heroiske karmelittnonnene. " Framfor skafottet er desse karmelittane frå Compiegne ikkje lenger offer for ein arrestasjon, men opphav til ei storslagen gåve."

Dagen etter var den naturlege oppfølginga  ei økumenisk markering av vår tids mange martyrar som tok stad i Roma, leia av pave Leo. Representantar forr 24 kristen kyrkjesamfunn deltok i denne sermonien. Lista over vår tids martyrar er lang ikkje minst har mange i Afrika og Midt-Austen falle som offer for jihadistar. Dessverre er det nok slik som pave Frans uttrykte for eit par år sidan - det er fleire martyrar i vår tid enn i dei første hundreåra!

La oss be for alle desse som vitnar om trua ved sitt eige liv !


                        Minneplate med navnet på dei seksten karmelitt- martyrene.

lørdag 13. september 2025

Arvo Pärt 90 år

 11.september fylte den estiske komponisten Arvo Pärt 90 år. Han har ei fleire tiår vore ein av dei meste spelte samtidskomponistar. Musikken hans er ikkje så vanskeleg tilgjengeleg som mykje av dagens klassiske og han har nok nådd eit større allment publikum enn dei fleste samtidskomponistar. Komposisjonane hans er prega av stor enkelhet, bygd på enkle element, ein toneart - treklangen. Treklangens tre toner er som klokker, difor har musikken hans vorte kalla tinntinnabuli- latinsk for små klokker. Saman med sin kollegaer John Tavener og Henryk Gorecki har han vorte karakterisert som “ heilag minimalist.”

Arvo Pärt vart fødd i 1935 litt sør for hovudstaden Tallin, der han fekk sin musikalske utdanning. Hans første komposisjonar var eksperimenterande og prega av tolvtonemusikk, det var nokså fjernt frå den musikalske forma han kom fram til på 1970 talet og som han har halde fast ved seinare. Musikken hans passa ikkje den sovjetiske kulturpolitikken og han flytta etter kvart til Vest- Europa og har hatt Berlin som fast bustad. Pärt konverterte i 1972 frå protestantismen til Den ortodokse kyrkja, den ortodokse trua har lagt grunnen for både hans andelege og musikalske utvikling. Samstundes har han henta inspirasjon frå vestleg musikalsk tradisjon, dei store klassikarane, renessansen og Mellomalderen, men framfor alt den gregorianske songen! Han har tonesatt katolske tekstar som Salve Regina, Magnificat, Te Deum og Stabat Mater, men det er likevel utan tvil den ortodokse tradisjonen som er hans viktigaste inspirasjonskjelde, hesychamsen, mystikken, Jesusbøna som han har karakterisert som den fullkomne polyfoni. Musikken spring ut av stilla, før ein taler eller framfører musikk må ein teia.”Med tystnad mener jag det intet från vilken Gud skapade världen.Därför er från en idemässig synspunkt stillheten helig.” skriv han ein stad.

Den ortodokse tradisjonen  har i langt større grad enn vestleg oppfatning lagt vekt på språkets avgrensa evne til å uttrykkja dei djupaste sanningane. Mystikken loddar djupare enn logikken og dogmatikken. Vi ser det i ikonkunsten og ikkje minst i Arbo Pärts musikk. Det finst ein annan røyndom uavhengig av kva vi meiner, tenkjer eller foretar oss til ei kvar tid.

“Någonstands  finns alltid musikken.En dag kommer någon, lyssnar og skriv ned. “ seier Pärt i ein av sine aforismer.Heldigvis er han der og lytter og skriv ned for oss mange som ikkje alltid kan lytta og heller ikkje skriva ned!



søndag 7. september 2025

Dei heilage Carlo Acutis og Pier Giorgio Frassati

 I dag søndag 7.september fekk Kyrkja to ny helgenar, Carlo Acutis (1991 - 2006) og Pier Giorgio Frassati ( 1901-25). Det var pave Leo sine første heilagkåringar etter at han vart pave i mai i år. Desse heilagkåringane var begge planlagt tidlegare i år, men utsett som følge av pave Frans dødsfall. Eg har tidlegare hatt fleire innlegg om desse unge menn/tenåringar som utmerka seg i si korte levetid, og som i etterkant har blitt eksempel til etterfølging for mange, ikkje minst ungdomar. Mange er det som har funne trua eller funne tilbake til trua takka Carlo Acutis og Pier Frassati!

Det er mange som har sett fram til denne heilagkåringa, det har og vore uvanleg stort fokus i ulike media både i forkant og dagen i dag. Då seremonien byrja i formiddag var omlag 80.000 truande samla på Petersplassen! Eg trur det er lengre sidan det har vore tilsvarande stor interesse for nye helgenar. Det er nesten hundre år imellom desse to, men dei har likevel mykje til felles som og pave Leo har peika på i si preike.Dei vaks ikkje opp i spesielt fromme familiar, men viste alt som barn ei sterk gudstru,noko som og påverka resten av familien. Paven peikar på fem element som prega deira trusliv, dagleg messe og kommunion, bøn framfor alt meditasjon framfor tabernakelet, hyppig skriftemål, sterk hengivenhet til Jomfru Maria og helgenar, og ikkje minst konkret omsorg for andre spesielt fattige og sjuke. Begge henta styrke i Eukaristien. Carlo Acutis karakteriserte Eukaristien som ein motorveg til himmelen. Pier Frassati talte om “Verso l`alto”  - mot høgdene/ mot himmelen. Han tenkte nok på fjellklatring som bilete på vegen til det guddommelege- til himmelen der Eukaristien er det viktigaste hjelpemiddelet Gud har gjeve oss!

Heilage Carlo Acutis be for oss!

Heilage Pier Georgio Frassati be for oss!



80.000 truande var samla på Petersplassen for å delta i dagens seremoni!