søndag 31. august 2025

Bryllaup

 23.august, seinsommar  og Birgit Helene og Gunnars bryllaup i St. Svithun katolske kyrkje i Stavanger med etterfølgjande fest på Bøndenes hus i Sandnes. Vakker seinsommardag med sol og god temperatur. Inngong med brudemarsj frå Seljord, brudas far føl henne inn saman med dei tre brudepikene Hedda,Mathilde og Linnea! Etter katolsk lære gjev dei to kvarandre det ekteskapelege sakramentet. Presten, pater Pål Bratbak, stadfestar og velsignar. Etter vigselssermonien messefeiring, før utgang med Wagners brudemarsj frå Lohengrin. To salmar, “ Deg være ære” og “Kjærlighet er lysets kilde”.

Paulus tek utgangspunkt i Kristi kjærleik til kyrkja når han skriv om ekteskapet i  brevet til Efesarane.Ekteskapet er eit synleg teikn på Guds nåde i verda, og sånn sett eit sakrament.

Difor skal mannen forlata far og mor og halda fast ved kvinna si, og dei to skal vera éin kropp. Dette er eit stort mysterium; eg tenkjer på Kristus og kyrkja. Men det gjeld dykk òg: Kvar og ein av dykk skal elska kona si som seg sjølv, og ho skal ha respekt for mannen sin.(Ef 5.28-33)

I det pavelege rundskrivet Humanae Vitae frå 1968 står det: “ Den ekteskapelige kjærlighet åpenbarer sin sanne natur og høyhet når den betraktes i sitt utspring, nemlig i Gud, som er kjærlighet, Faderen, som alt som heter far har sitt navn i himmelen og på jorden.”

Deg være ære Herre over dødens maktEvig skal døden være Kristus underlagtLyset fyller haven se en engel komÅpnet den stengte gravenJesu grav er tom
Deg være æreHerre over dødens maktEvig skal døden væreKristus underlagt
Frykt ikke mere Evig er han medTroens øye ser det Han gir liv og fredKristi navn er ære seier er hans veiEvig skal han regjere aldri frykter jeg
Deg være æreHerre over dødens maktEvig skal døden væreKristus underlagt
Se Herren lever Salige morgenstundMørkets makter bever Trygg er troens grunnJubelropet runger Frelseren er herPris han alle tunger Kristus Herre er
Deg være æreHerre over dødens maktEvig skal døden væreKristus underlagt



søndag 17. august 2025

Sommar og bryllaup

 Vi feirar bryllaup for dotter vår denne vakre seinsommaren. eg skriv tale og let meg inspirera av romatiske tekstar slik som Fridas bok av svenske Birger  Sjöberg (1885 - 1929). Den mest kjente teksten er vel denne som også er tonesatt og framfört mellom anna av Sven-Bertil Taube.

"Den forste gång jag såg dig, det var en sommerdag

på förmiddan, då solen lyste klar,

och ängens alla blommor av många hundra slag

de stodo bugande i par vid par.

Och vinden drog så saktelig, och nere invid stranden

där smög en bölja kärleksfull till snäckan uti sanden.

Den första gång jag såg dig, det var en sommardag,

den första gån jag tog dig ut i handen."


I Setesdal har det vore vanleg å laga stev, korte vers med rim som vart framført med melodi.Tema var oftast kjærleik og lengt. Ofte ulukkeleg kjærleik om den ein aldri fekk, men ikkje alltid som i verset under. Er ein to er ein aldri åleine sjølv om ein ikkje alltid er fysisk på sams stad.

"Alli eismo kor eg fere

Itt eg han allstøtt i tanko bere.

Alli eismo kor eg æ

fysst han æ i hjarta så æ han mæ."

(eismo : einsam/åleine, alli : aldri, itt: no 


"Kjærleiken er det som bind saman, men kan ikkje skiljast frå trua og håpet. Størst blant dei er kjærleiken skriv Paulus, men håpet er det som ser framover. Den franske diktaren Charles Peguy samanliknar  med tre søstre, to store – trua og kjærleiken  og ei lita søster – håpet. Kanskje ser vi knapt det vesle håpet i midten mellom dei to store, men «Det er hun den lille, som trekker alt. For troen ser bare det som er, men hun ser det som skal bli. Kjærligheten elsker bare det som er, men hun elsker det som skal bli.» Tru – Håp -Kjærleik blir slik grunnpilarar i livet."