tirsdag 31. mai 2022

Korshøgda

 Korshøgda - Kryziu kalnas - The hill of crosses er eit høgdedrag nord for byen Siaulai nord i Litauen,noko over  to timars kjøring frå Vilnius. Høgda er dekka av tusenvis av kors i ulik størrelse og det vert stadig fleire. Mange av dei som kjem som turistar eller pilegrimar set ned eit lite kors som ei bøn eller eit minne. Dei første korsa vart sett opp her alt på 1800 talet. Etter dei to opprøra i 1831 og 1863 fann mange familiar ikkje sine døde slektningar, og det vart sett opp symbolske kors på denne høgda. På byrjinga av 1900 talet var her eit par hundre kors, noko som auka til 5000 i 1960 då kommunistregimet med bulldoser fjerna alle korsa, dei kom snart opp igjen som ein stille protest mot det undertrykkande regimet. Dei gjorde nye forsøk på 1970 talet , men på ny sette folk opp kors, og seinare har det bare blitt fleire og fleire. 7.september 1993 vitja pave Johannes Paul korshøgda og erklærte at det var ein stad for von, fred og kjærleik! Det er sett opp eit minnesmerke for denne vitjinga. I år 2000 vart eit fransikanerkloster innvigd eit par hundre meter frå korshøgda. Frå klosterkyrkja er  det eit vindauga bak alteret med utsyn mot korshøgda. ( sjå bilete under).

Det var ei spesiell oppleving å gå rundt på korshøgda og setja ned kors som ei bøn om fred og forsoning. Dette er framover alt ein plass for bøn, kvart kors representerar ei lita bøn bore fram av dei som sette ned korset.

Ave Crux, Spes Unica!





















Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar