onsdag 19. mai 2021

Kvifor er mitt sinn så samansett

 Eg har tidlegare (2011 og 2016) skreve om den engelske poeten og presten John Donne som levde frå 1572 til 1631. Han er mest kjend for setningen "No man is an island", henta frå hans 17. Meditasjon som er ein prosatekst. Det er som poet han går inn som ein av dei store ikkje berre i engelsk språkleg litteratur, men og i verdslitteraturen. Sjølv om han  levde for 400 år sidan er han overraskande moderne. i sin poetiske tematikk. Vi blir gripne av kjærleiksdiktet "The Good Morrow" til kona Ann, og i sørgediktet " Since she whom I loved hath paid her last debt"  som  han skreiv etter ho var død bare 32 år gammal.

I diktet " Oh, to vex me, contraries meet in one" kan det moderne mennesket kjenna seg igjen.  Vi er samansett, vinglar frå det eine til det andre, kan ikkje heilt avgjera kva vi vil. Det handlar og om vår svake natur, vi sydar, angar og gjer bot men syndara så igjen. Her i  Åsmund Bjørnstads omsetjing:

Å,kvifor er mitt sinn så samansett -

Å, kvifor er mitt sinn så samansett -

mi vingling avlar, på unaturleg vis,

ein usvikeleg vane, at kjem eg i skvis,

då svik eg tru som truskap - det går lett.

Så gjer eg bot, og gløymer like greitt'

som i profane forhold og forlis;

i gåtefulle hugkast, eld, så is,

no alt, så inkje;innstendig, så eitt feitt.

Den himmelen eg knapt våga sjå i går,

får smeik i fagre ordlag i dag:

I morgon skjelv eg for hans domarstav.

For mine fromme rier kjem og går

som feberfantasier, men mest trygt

har eg det dagar då eg frys av frykt.








Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar