søndag 28. juni 2020

Om død, gløymsle og sølvbestikk

Eg les Simon Strangers roman "Leksikon om lys og mørke" frå 2018. Det er ei sterk og personleg historie om huset i Trondheim der Rinnan-banden held til, og der ein jødisk familie budde i fleire år etter krigen. Den jødiske familien er svigerfamilien til forfatteren og det nære og personlege knytes slik sett opp mot dei store krigshistoriske hendingane. Boka fekk svært gode kritikkar då ho kom ut. Ho er som tittelen seier bygd opp som eit leksikon  der kvart kapittel vert knytt opp mot ord som byrjar på dei einskilde bokstavane i alfabetet frå A til Å.
Kapittel A for" anklagen, avhøret, arrestasjonen og så for alt som skal forsvinne og gli inn i glemselen." Litt seinare i kapittelet knyter forfattaren dette opp mot ein gammal jødisk tradisjon:

" I den jødiske tradisjonen sier man at et menneske dør to ganger. Den første gangen er når hjertet slutter å banke og synapsene i hjernen slukker, som i en by der strømmen går.
Den andre gangen er når navnet til den døde sies, leses eller tenkes på for siste gang, femti eller hundre eller fire hundre år senere."

Kva har så dette med sølvtøyet under å gjera ? Ei skei og ein gaffel med inngravert dato 8 juli 1901,og monogrammet som eg i etterkant tolkar som ART. Dei har vore i familien så lenge eg har levd, men ikkje fanga mi interesse før no. Min fafar Edvard fødd i 1873 kom til Rosendal på slutten av 1890 talet, han var utdanna innan spinning/veving i Tyskland og kom no til ny jobb ved Kvinnherad Ullvarefabrikk. Her vart han værande til han døydde siste krigsvinteren 1944.Vi veit ikkje så mykje om denne første tida, men han vart etterkvart kjent med, muligens på ein båttur, og gifte seg med Marie Regine Johnsen frå Stavanger 21.oktober 1899. Året etter fekk dei sonen Einar som vaks opp, gifte seg og fekk ei dotter. Edvard og Marie Regine fekk ikkje mange år saman, ho døydde alt 10.november 1905 sannsynlegvis av tuberkulose. To år før det fekk ho tvillingane Aslaug og Solveig. Ingen av desse passer med datoen på sølvbestikket, men etter eit par korte søk på nettet dukkar det opp eit fjerde barn: Alf Roald fødd 08.juli 1901. Vi har aldri høyrt om han før, berre "halvkveda vise" om at det visstnok var eit barn til som døydde tidleg. Heller ikkje mi kusine dottera til Einar, min farfars første barn  kjente navnet til vesle Alf Roar. Det er 19. juni, ein vakker og solfylt sommardag, nøyaktig 118 år sidan han døydde enno ikkje fylt eit år. Sjølv om barnedødsfalla byrja å gå ned alt på midten av 1800 talet var det framleis mange spebarn som døydde av ulike infeksjonar, meslingar, skarlagensfeber, difteri, lungebetennelse, mageinfeksjonar osv. Men sorga var nok på ingen måte mindre enn det  dagens foreldre vil kunna oppleva ved eit barns død. Eg prøver å forestilla meg denne junidagen, og dagane som gjekk før det, for han hadde nok vore sjuk ei stund før han døydde.Foreldrene vart meir og meir urolege, kanskje fekk han legetilsyn, kanskje ikkje, uansett var det ikkje så mykje den tidas medisin kunne gjera. Så døyr han , gravferd eit par dagar seinare ! Eg undrast om det var strålande sommarver eller regn og skodde nedover fjella.

Kor lenge er det sidan nokon tenkte på dette vesle barnet, kor lenge sidan er det navnet vart nevnt ?
Kanskje femti år, kanskje sytti eller åtti år ! Ei kort notis i digitalarivet tel ikkje i denne samanheng ?
Grava er naturlegvis sletta for lenge sidan, alle spor er borte, i motsetnad til Christiane Herzberg som døydde åtte dagar gammal på 1700 talet og der gravsteinen vart funnen for ein del år tilbake.
Denne dagen seier eg fram navnet hans og løftar han dermed ut av gløymsla. Det er ei merkeleg oppleving som eg naturleg nok knyter opp mot boka eg siterte frå innleiingsvis.
Men gløymsla kjem tilbake, vår tid på jorda er avgrensa. Det er ikkje sikkert navnet hans vert sagt så mange fleire gonger. Men eg kan ikkje skriva at alle spor vert sletta, for navnet hans vil leva i digitalarkivet og kanskje vil nokon i ei fjern framtid kasta eit blikk på det, berre eit blikk ikkje noko meir. Så ein kveld er den andre døden der, den store og endelege gløymsla. Men lenge før det har dei som lyttar merka  dei lette stega til englar som ber med seg  det uskapte lyset!



"Lake as the waves make towards the pebbled shore,
So do our minutes hasten to their end"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar