fredag 2. august 2019

Røldal stavkyrkje

"I kyrkja til Røldal eit bilete hekk
so mang ein sæling til frelse,
for sjuke og saare til dette gjekk
og fingo atter si helse."

Slik skildrar A.O. Vinje  i " Storegut" det undergjerande krusifikset i stavkyrkja i Røldal. Røldal var gjennom Mellomalderen det nest viktigaste pilegrimsmålet i Norge, berre Nidarosdomem trakk fleire pilegrimar. Reformasjonen medførte eit forbod mot pilegrimsreiser, men den folkelege tradisjonen var sterkare og Røldal var eit mål for pilegrimar til godt ut på 1800 talet. Det var det undergjerande krusifikset som var målet, kvar jonsok( 6 juli etter den julianske kalenderen) svetta krusifikset, og strauk ein noko av denne svetten på seg var det von om lækedom for sjukdom eller skade. Frå fjern og nær kom folk til denne avstengte fjellbygda! Dei fleste merka nok ikkje stor forskjell når det kom til dei kroppslege plagene, men kanskje opplevde dei likevel eit andeleg løft i det store fellesskapet av andre pilegrimar. Alt strevet var likevel ikkje til fånyttes, det kan ikkje ha vore det når folk held fram med å vandra over fjell og vidder hundreår etter hundreår!
Iflg.tradisjonen vart krusifikset funne i garnet til ein ung gut og ein eldre blind mann som var ute på vatnet og fiska..Den blinde tok på krusifikset og strauk seg over augene og dermed fekk han synet att. Ei fin historie, men meir sannsynleg er det vel at krusifikset vart skore ut av ein omreisande tysk kunstnar ein gong på 1200 talet.

Stavkyrkja er oppført på 1200 talet, men det er gjort omfattande forandringar både på 1600 talet og 1800 talet. Rosemålinga er frå barokken på 1600 talet.Vi ser likevel tydeleg det som var den opphavelege utforminga.

Valfarten til kyrkja i Røldal er teken opp att i moderne tid, så det var altså berre eit brot på vel 150 år i denne tradisjonen som har røtene sine på 1200 talet. Denne gongen kjem vi der i slutten av juli, ei stund etter jonsok, men kan likevel ikkje unngå å gripast av denne staden som liksom Selja er "a thin place", ein stad der skilje mellom  denne sida og det evige er ekstra tynn. Vi kan augna ei lita luke inn til mysteriet!












Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar