mandag 7. november 2016

Jag dör inte, jag träder in i livet

Boka med tittelen "Jag dör inte, jag träder in i livet"  av karmelittmunk Wilfrid Stinissen kom ut i 2001. Her tek han opp dei store spørsmåla i livet og døden. "Vad är det som händer när vi dör ? Vad är det som skrämmer oss så med döden ? Finns det något sätt att leva i vänskap med döden utan at sluta älska livet ? "
Tittelen på boka er henta frå Therese av Lisieux sitt kjende utsagn då ho  var stilt overfor døden 24 år gammal. Ho var ramma av tuberkulose og gjennomgjekk store kroppslege lidingar, men vel så ille var det andelege mørkre ho opplevde desse siste månadane av livet sitt. "Han tillot at min sjel ble invadert av det tetteste mørket, og at tanken på himmelen, som for meg var så vidunderlig, nå kun ble gjenstand for kamp og kvaler..."
Therese har sitt perspektiv retta mot det hinsidige, men ho er også eit barn av si tid, det sekulære og rasjonelle 1800 talet. Sånn sett fryktar ho at døden bare er inngongen til eit evig mørkre, det er ikkje noko bak dødens forheng, bare natt og tomhet. " Du drømmer om lyset, om et land fylt av salige følelser, du drømmer om evig å få eie Skaperen av alle disse underverk. Du tror at du en dag skal få slippe bort fra tåken som omgir deg! Bare fortsett, bare fortsett, bare gled deg du, til det som døden vil bringe deg, ikke det du håper på, men en enda mørkere natt, intethetens natt!"
Tidlegare tiders menneske ville ikkje ha tenkt uttrykt seg slik, at det var noko bak døden var så sjølvsagt at til dømes middelalder-menneska aldri stilte spørsmål ved dette. Det dei eventuelt frykta var fortapinga, det å ikkje verta ein del av den flokken som til sist fekk sleppa inn i himmelen. I dei sekulære vestlege samfunna er det fleire og fleire som ikkje reknar med noko  liv etter døden, vi har dette livet og det er alt. Samstundes skjer det som br.Wilfrid karakteriserar som ei fortrenging og banalisering av dødens realitet. På spørsmålet om dei fryktar døden svarar mange at dei ikkje fryktar døden i seg sjølv, men dei kroppslege og psykiske smertene som kan koma i tida før døden. Eg trur kanskje dei ikkje er heilt ærlege når dei svarar slik ? Døden er det store ukjente som ingen av oss veit noko om, er det ikkje naturleg å vera redd for  det ukjente som vi aldri vender tilbake frå? Også Jesus var fylt av angst stilt overfor døden, "Han vart gripen av angst og gru." ( Mark. 14:33) Kanskje eit av dei klaraste uttrykka for at han også var sant menneske med same frykt og uro for det ukjente som oss.
Br.Wilfrid siterar Dostsojevskij i "Brødrene Karamazov" der ei kvinne oppsøkjer staretsen Zosima og uttrykkjer sin angst og uro for døden. Eg døyr og så er det brått ingenting. Kva skal eg gjera for å få mi tru tilbake spør ho den vise staretsen. Han svarar henne at det kan ho bare få gjennom å utøva aktiv kjærleik overfor sine medmenneske.  Bare kjærleiken kan overtyda oss om at sjela er udødeleg. "Å elska noko er å seia: du kjem aldri til å døy" seier filosofen Gabriel Marcel. Kjærleiken har alltid ein evighetsdimensjon, kjærleiken er ikkje innelåst i tida men strekker seg ut der tida ikkje er. Dette kan vi sjølvsagt ikkje sjå isolert frå den absolutte største kjærleiksgjerininga, å døy for andre slik Kristus gjorde for oss alle på Golgata. For kjærleiken er før tida og over døden, Therese tapte aldri dette perspektivet sjølv i det djupaste sjelelege mørkret. "Med evig kjærleik har eg elska deg, jomfru Israel" (Jer 31:3).
Alle døyr einsame blir det sagt! Det kan nok vera sant i mange tilfelle, ikkje minst i vår tid. Vi høyrer om folk som døyr på sjukehus og sjukeheimar utan at det er nokon der i den siste stunda, og vi høyrer om menneske  som ligg døde i bustaden sin i lang tid utan at nokon merkar det. Tidlegare tiders død skal vi vera forsiktig med å romantisera, det var mykje angst og liding knytta til dødsleia i førmoderne tid.Men akkurat på dette punktet var dei nok  flinkare enn oss, nesten alle døydde heime omgjevne av sine næraste, dei var ikkje åleine langt borte fra det kjære og kjente. Når døden nærma seg kom presten, ikkje nødvendigvis med trøstande ord men med det som trøstar og styrkjar meir enn ord: sakramenta ! Skriftemålet, sjukesalvinga og Viaticum, vandringsbrødet, det einaste måltidet som held utover både liv og død. Til sist bønene, i Ave Maria heiter det " Be for oss syndarar no og i vår dødsstund". Det heiter ikkje "Be for meg syndar", det er ein viktig skilnad!






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar