tirsdag 29. november 2016

Den gode røver

"Og han sa: Jesus kom meg i hug når du kjem i ditt rike!. Jesus svara: Sanneleg, eg seier deg: I dag skal du vera med meg i paradis." ( Luk 23, 42-43)

Eit sterkt uttrykk frå evangeliet om nåde og tilgjeving uansett kor stor syndar ein har vore. Av og til dukkar det opp historiar som vitnemål om dette også i vår tid. Trappistmunken bror Gregoire ( Jean Bernier 1917 - 2002) er eit døme på det, frå å ha levd eit liv som brutal kriminell snudde han heilt om og dei siste 45 år av livet sitt levde han som munk i trappistklosteret  L`Abbaye Sainte-Marie-du-desert eit stykke utanfor Toulouse. Lagnaden hans er blitt kjent gjennom  Robert Massons bok " C`etait un larron - Du banditisme a la Trappe", på norsk " Den gode røver - fra fengselsmunk til trappistmunk", eit vitnesbyrd utanom det vanlege. Dette kan ikkje bare vera menneske verk ?

Ein maidag i 1957 vert den  snart førtiårige Jean Bernier møtt på perrongen av  Dom Jean de la Croix, den unge abbeden i trappistklosteret Sainte-Marie-du-desert, han har bedt om å få bu hos brødrene ein periode etter at han har slept ut frå fengselet på Il de Re. Jean er i det kriminelle miljøet kjent som "Le Grand Jacques", ein tøff kriminell som til no i livet har sona femten år bak fengselsmurane. Han har rett nok aldri teke livet av nokon, forsynet har forskåna ha frå det. men ellers har han gjort det meste av det som bryt med lover og normer. Ingenting tyder på at dette skal gå bra, og fleire gonger er han iferd med å gje opp, men Jean har i fengselet høyrt ei indre stemme som ikkje slepp taket. Han har begynt å lesa i Bibelen og gått til messe og kommunion, det er ingen heilt uførebudd fange som kjem til klosteret. Men at han skal bli der til sin dødsdag 22.august 2002 er det nok ingen utan vår Herre som hadde kunna førestilla seg. Jean finn sin plass i klosteret, han arbeider, ber og deltek i liturgien, ein dag spør han abbeden om det er mulig at han kan bli munk, ja er svaret men det blir ikkje lett. Røvaren "Le Grand Jacques" blir gradvis den fromme trappistmunken  bror Gregoire, han gjev sine første løfter, han får tilbake sine borgarettar som han vart fradømt, og han avlegg til slutt sine løfter for resten av livet.

Som trappistmunk har han teke navnet Gregoire etter Gregor av Nazianz (330-390)ein  av dei såkalla kappadokiske fedre, og  han har nok blitt inspirert av denne store teologen, men det viser seg at det er frå eit anna hald han etterkvart hentar sin sterkaste inspirasjon, nemleg Karmels helgenar: Johannes av Korset og Therese av Lisieux ( av Jesusbarnet).Han er og ikkje uventa, prega av ein sterk vørnad for Jomfru Maria. Det er ikkje ulogisk at det er desse karmelittiske helgenar som bror Gregoire kjenner seg igjen i, og som han særleg mot slutten av livet fordjupar seg i. Når Johannes talar om "sjelens mørke natt" forstår  nok Gregoire dette reint intuitivt, han har sjølv gått igjennom den mørkaste natt i sin "fortid med djevelen", men som i "sjelens mørke natt" var kanskje Gud tilstades også i dette kriminelle mørket?  Mot slutten av livet ser han som Johannes at "Kjærligheten er nå min eneste øvelse"(Åndelig sang).
Når bror Gregoire blir eldre, sjuk og skrøpeleg kallar han Therese "kvinnen i sitt liv". I sitt tidlegare liv hadde han mange kvinner, men i sitt nye liv  ser han at berre Therese har formulert det som dei største syndarane kan trøsta seg til, Guds ufortjente nåde. Therese hadde ingenting å møta Gud med bortsett frå eit barns  grenselause tillit til sin far. "Le Grand Jacques" har bare ei mørk fortid å visa fram ellers absolutt ingenting.

"Hva tjener munkens liv til?"  -  "Ingenting", svarer broder Gregoire, "det tjener Gud". Munkene forlater ikke verden, de blir stående ved inngangsporten, viet til å prise Gud og til det broder  Christian fra Tibhrine (klosteret i Algerie der munkane vart drept av islamistar i 1996) kalte "det uovervinnelige håp."



 " Mitt aktive liv må, enten det er i klosteret eller utadrettet, hele tiden være en forlengelse av mitt bønneliv. Jeg er kristen på heltid. Jesus er hele tiden til stede i meg, han virker i meg, under alle forhold, både når jeg lovpriser han under kommunitetens fellesbønn, og når jeg tar meg av mitt materielle arbeid."


                                                     L`Abbaye Sainte-Marie-du-Desert

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar