onsdag 5. oktober 2016

The English Surgeon

"The English Surgeon" er ein dokumentarfilm frå 2007 av Geoffrey Smith med musikk av Nick Cave og Warren Ellis. Vi føl den engelske nevrokirurgen Henry Marsh (f.1950) som er på eit av sine mange oppdrag i Ukraina, der han saman med ukrainske kollegaer prøver å gjera noko for alvorleg sjuke pasientar i eit land der helsevesenet ikkje fungerar etter mange år med vanstyre. Det gjer inntrykk å følgja Henry Marsh  gjennom ein vellukka hjerneoperasjon som gjev ein ung mann eit nytt liv, men og den andre sida ved medisinen symbolisert i møte med familien til eit barn som døydde fleire år tidlegare etter ein mislukka operasjon.
Henry Marsh er ein reflektert mann som studerte filosofi og politikk før han valde medisinen og etterkvart den mest prestisjefylte spesialiteten nemleg nevrokirurgi. Ikkje minst  er han medviten om den hårfine balansen mellom triumf og tragedie som gjeld all medisin,men i uttalt grad den som skal skjera i hjernen, senter for vår personlegdom, våre kjensler og vårt medvit. Han har skreve om det i boka "Do no harm" som nyleg kom i norsk omsetjing. Der reflekterar han over sitt liv som kirurg , sine oppturar og nedturar, det er tydeleg at det gjer eit stort kjenslemessig inntrykk på han når utfall er  på den gale sida av den hårfine grensa mellom eit god liv på den eine sida og død eller vegetativ tilstand på den andre. Han siterar den franske kirurgen Rene Lerich:" Every surgeon carries within himself a small cemetery where from time to time he goes to pray."

Mange vart nok merksam på Henry Marsh etter at Karl Ove Knausgård nyleg skreiv eit lengre essay om han. Knausgård tok kontakt med Marsh etter å ha lesa boka hans og han følgde han under ein tur til Albania der han som i Ukraina hjelpte lokale kollegaer. Marsh har spesialisert seg på å operera på pasientar som er vakne under operasjonen , slik kan han merka straks han går for langt inn i friskt vev. Knausgård observerar dette og skriv om inntrykka sine i eit poetiske språk tydeleg prega av sin beundring for Marsh og for det mysterium som er  den menneskelege hjernen .

På slutten av filmen kjem Henry Marsh med dette utsagnet som bør gjelda ikkje bare medisinarar men alle menneske: " What would be the meaning if we could not help other people?
Nothing, absolutely nothing !"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar