søndag 9. oktober 2016

John Donne:No man is an island

Kanskje ikkje så mange kjenner til presten og diktaren John Donne (1572-1631), men mange har nok høyrt det mest kjende sitatet frå han:"No man si an island." Ernest Hemigway  nytta sitatet i sin roman frå den spanske borgarkrigen"For whom the bell tolls", Thomas Merton har det som tittel på ein av sine bøker. Sitatet er henta frå ein religiøs tekst, John Donnes XVII Meditasjon med overskrifta:"Den klokka som kling så mildt for ein annan, seier no til meg:Du må døy." Donne ser menneskeslekta som eit heile, vi er som ei bok av ein forfattar. Skjer det noko med ein av oss vedkjem det også alle andre.
"No man is an island, entire of itself;every man is a piece of the continent, a part of the main. If a clod is washed away by the sea, Europe is less, as well as if a promontory were, as well as a manor of thy friend`s or of thine own were: any man`s death diminishes me, because I am involved in mankind, and therefore never send to know for whom the bells tolls; it tolls for thee."
(Eit mennske er inga øy, sitt eige heile;kvar ein er ein bit av eit kontinent, del av fastlandet. Vert ein leirklump vaska i havet, gjer det Europa mindre, like mykje som gjaldt det eit forberg eller eit jordegods i ein vens eller ditt eige; kvart menneskes død minkar meg, for eg høyrer menneska til, så send ikkje bod etter kven klokka ringer for; ho ringer for deg)

Sterke ord som gjeld like mykje vår tid som John Donnes samtid. Donnes var ein mangesidig og samsett person, på mange måtar langt framom si tid. Han er til dømes den første som nyttar ordet "modern man" og han skriv om "sex" til skilnad frå "love".
Donne var fødd inn i ein katolsk familie som ætta frå den store Thomas More som vart henretta av Henrik 8, på denne tida var dette definitivt ingen fordel karrieremessig. Vel så ille vart det at han gifta seg med den den tretten år yngre Anne More utan at faren hennar hadde gjeve sitt samtykke til giftarmålet. Ho var hans livs store kjærleik og mange av kjærleiksdikta er retta til henne som "The good morrow" og det vakre "Since she whom I loved hath paid her last debt" som han skreiv då ho døydde bare 32 år gammal. Likevel vart John Donne etter kvart teke til nåde, han vart prest i den engelske kyrkja og til sist domprost i St. Pauls cathedral.

Det er for diktinga han vert hugsa, alt tidleg skreiv han vers som vart populære. Tematikken er med Tor Jonsons ord "berre kjærleik og død".  Døden er alltid nær for Donne og få har vel regissert sin eigen død så detaljert som han, men like viktig er kjærleiken også den erotiske kjærleiken. Donnes dikt er fjernt frå seinare tiders puritanske syn på kropp og erotikk. Under ein alvorleg sjukdom skreiv han sine religiøse meditasjonar som "No man is an island" er henta frå, og han var og ein høgt skatta predikant i St. Paul. Få dagar før han døydde held han si siste preike over salme 68, klar og velformulert. Sin eigen sjukdom og død kunne han ironisera over; "Eg ligg her sjuk, med lækjarar ikring, dei liknar geografar ved sitt kart." Til slutt fekk han sitt gravmæle mellom dei store i St.Pauls cathedral.




Den gode morgon (The Good Morrow)

Eg undrast på mitt ord kva du og eg
gjor` før vi elska ? Var vi vende av,
saug vi gleda som ein landsens leik,
ell`snorka i sjusovarens grav ?
All glede før er no som fantasi.
Ja, fagre kvinner eg fann hugnad i
og tok og fekk; om deg var dei ein profeti.

God morgon då, vår nyleg vakne sjel,
der ingen lenger ser på hin med frykt;
for Kjærleiken ser alt, kvar minste del,
eit lite rom vert inn i Altet rykt.
La sjøfarande dra på nyverdsferd,
lat stjernekarta syne verd på verd,
ei verd vert vi av våre to, for eitt vi er.

Mitt andlets ljos er du, og eg er ditt,
to hjarto kviler ut i våre drag.
Som halvkuler er vi, av kostelege snitt,
forutan vind frå nord og vestvend dag.
Alt det som døyr, var ujamt samansett;
i likeverdig elskhug, djup og lett
så ingen trøytnar, døyr vi aldri, vi er eitt.

(Åsmund Bjørnstads omsetjing)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar