fredag 6. desember 2013

Ei siste bøn for Midt-Austen

Gregorios III, den melkittiske patriarken av Antiokia som har sete i Damaskus uttrykte nyleg at han vart svært skuffa  over fråveret av eit globalt engasjement for dei forfølgde kristne i Syria. Borgarkrigen i Syria har gått spesielt hardt ut over den kristne minoriteten. Eg har tidlegare skreve om Maaloula som inntil nyleg har vore ein av dei få stadane der dei framleis snakka arameisk, Jesu eige språk. Maaloula har lenge vore midt i frontlinja og har vore dels okkupert av opprørarane, dels av regjeringsstyrkane. Det meste av lokalbefolkninga har flykta men nonnene i eit kloster har halde stand til no,  nyleg vart det meldt at dei er kidnappa av ei ukjent gruppe. Det er bare eit av mange døme på den umenneskelege situasjonen dei syriske kristne lever under.
Akkurat no er situasjonen verst i Syria, men også i resten av Midt-Austen er den kristne minoriteten forfølgd og diskriminert. Så mange som ein million kristne har flykta frå Irak dei siste 20 åra, I Tyrkia er det nesten ingen kristne igjen etter at millionar vart fordrevne i løpet av 1900 talet, frå Libanon og Palestina er det ei jamn straum av emigrantar. Om ikkje altfor lenge vil det knapt vera kristne igjen i desse områda der kristendomen vaks fram dei første hundreåra etter Kristus. Ein to tusenårig kultur er i ferd med å bli utsletta, sjølv om dei utflytta held fast ved sin religion av tradisjon i Sidney, Los Angeles eller Paris er kjerneområda ruinar eller i beste fall museum som i Tyrkia.
I boka "The Global War on Christians" skriv den katolske journalisten Allen:" Kirker i Vesten er
likegyldig tilskuere men kristne i Asia og Afrika er utsatt for de verste menneskerettighetsbrudd i vår tid."  Ei viktig påminning men ei påminning som kanskje kjem for seint ?
Pave Frans har teke eit initativ og møtt kyrkjeleiarar frå Irak, Syria, Libanon og Egypt.
"Vatikanet vil ikke resignere og godta et Midtøsten tømt for kristne" uttaler paven.
Men det ser dessverre ut til at det er vanskeleg å stoppa denne prosessen men diplomati og forhandlingar. I mellomtida får vi bare vona og be.

Forbøn for forfølgde kristne i Syria, Irak, Egypt og Palestina og i dag spesielt for dei bortførde nonnene frå Maaloula !

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar