tirsdag 15. januar 2013

Francis Poulenc

Det er grønn og solvarm søndagsettermiddag i april, vi går langs dei mange monumenta på gravplassen Pere Lachaise i Paris. Det er visstnok meir enn sytti tusen som har funn sin siste kvileplass her, dei fleste ukjente men her er og mange navn som ettertida hugsar. Vi stoppar opp ved eit  gravmonument ikkje så langt frå hovudinngangen, Francis Poulenc 1899 - 1963. I det enkle jerngitteret er det stukke inn friske blomar, i bakgrunnen skimtar vi eit lite madonnabilete. Det er framleis mange som gledar seg over musikken hans og viser si takksemnd med blomar på grava. Francis Poulenc, eit ekte barn av nittenhundretalet, "playboy" og "munk" (le moine et le voyou), splitta mellom det verdslege og det sakrale, mellom det lettsindige og det religiøst mest djuptpløyande. Kanskje var han katolsk  i ordets eigentlege forstand ?
Sommaren 1936 er han på ferie, han er på veg til Rocamadour i Sør-vest Frankrike for å sjå pilegrimskyrkja Notre Dame og Den svarte Madonna . Det blir annleis enn han har tenkt, undervegs til Rocamadour får han bodskapet om ein nær vens tragiske død i ei ulukke. Møte med Den svarte Madonna på klippene høgt over elva Dordogne blir i lys av det tragiske dødsfallet eit eksistensielt vendepunkt som kjem til å prega han vidare i livet. Det gjev naturlegvis også kunstnarleg inspirasjon, i løpet av sju varme augustdagar komponerar han "Litani til Den svarte Madonna" (Litanie a la vierge noir). Seinare følgjer fleire kyrkjemusikalske verk, Mess i G  dur i 1937, Stabat Mater i 1950 ( også komponert etter dødsfallet til ein ven) og Gloria i 1959. Men Poulenc skapte og seinare lettare musikk  som den humoristiske balletten "Les animaux modeles ", og musikk til barneboka om "Babar, den vesle elefanten" som mange er kjnet med.
Det er likevel eit anna og større verk som snart skal koma til å bli hans mest kjende.
Mange hadde interessert seg for dei som under Den franske revolusjonen vart martyrar for si tru, mellom desse var forfattarane Gertrud von Le Fort og Georges Bernanos. På midten av femtitalet får Poulenc overrakt Bernanos sin tekst om karmelitt nonnene frå Compiegne, og inspirert av denne gripande historien har han i løpet av eit par år ferdig operaen " Dialogue des Carmelites". Premieren er på La Scala i Milano i 1957. Det vert ein stor suksess, og stykket er seinare spelt over heile verda, også i Norge.
Eit stykke om mot og tru som held heilt inn i martyriet. ( Meir om  desse nonnene og operaen seinare)
Francis Poulenc opplevde eit eksistensielt vendepunkt i Rocamadour, kanskje var det difor han kunne leva seg så inn i den andelege styrken hos desse seksten karmelitt nonnene frå revolusjonstida ?



Frå Poulencs Gloria som er eit stykke eg set stor pris på:
http://www.youtube.com/watch?v=2FzR97xoUMo


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar