mandag 17. oktober 2022

Notre-Dame du Laus

 Det dukkar stadig opp nye katolske helgenar, viktige personar, bøker, valfartsmål etc. Det er spennande og andeleg berikande! Det siste eg kom over i dag er Notre-Dame du Laus i landsbyen Saint-Etienne- Le-Laus, eit valfartsmål sør- aust i Frankrike, ved foten av Alpane , sør for Grenoble. Her skalJomfru Maria ha viste seg for den fattige sauegjetaren Benoite Rencurel ein maidag i 1664. Ho var då sytten år og analfabet, faren var nyleg død, familien var fattige, og ho måtte livnæra dei som gjetar i fjella rundt landsbyen. Ho skal då ha hatt eit syn av helgenen St.Maurice som vart særleg æra i dette området, han instruerte henne å gå til ein særskilt plass der Maria med Jesusbarnet skulle visa seg for henne i ei grotte. Mari viste seg for henne kvar dag dei neste fire månadane, men skulle det visa seg også vidare gjennom heile livet til ho døydde i 1718. I slutten av august fortalte Maria henne kven ho var, Jesu mor.

Maria instruerte henne om å gå til ein plass som gav frå seg god lukt, og ho vart vist til eit gammalt kapell vigd til "Vår Frue av det gode møte." Her sa Maria til henne : "Det er mitt ønske at det skal byggast ei nytt kapell til ære for min elska Son."  Ho bad også om syndaranes bot og omvending. Maria held fram med å visa seg for Benoite så lenge ho levde, ho hadde og andre visjonar av englane i Paradis og av den krossfeste Kristus. Etter kvart vart dette eit pilegrimsmål som tiltrakk seg tusenvis av truande. det kom eit tilbakeslag med Den franske revolusjonen og på 1800 talet kom dette valfartsmålet i skuggen av Lourdes som tiltrakk seg langt fleire pilegrimar. Det er mange parallellar mellom Notre-Dame du Laus og Lourdes, mellom Benoite og Bernadette. Begge kom frå det lågaste sosiale laget, begge var analfabetar og for begge viste Maria seg i ei grotte. Bodskapen var også nokså tilsvarande, Men det er og ulikskapar, openberringane i Lourdes vart nokså snart offisielt godkjente av Kyrkja, det var ikkje tilfelle med Benoites  visjonar, først i 2008 vart  dei formelt godkjente av Kyrkja ! Benoite er heller ikkje kåra til helgen slik Bernadette vart det. Rett nok vart det på 1860 talet starte ein prosess mot helgenkåring , den vart stoppe på 1920 talet, men på nytt teke opp i moderne tid.

Notre- Dame du Laus er altså ein av fleire Maria valfartsstadar der Lourdes, Fatima og Medjugorje er dei mest kjente. For ikkje katolikkar synest nok dette som merkelege og lite truverdige fenomen. prega av primitiv folkelege religiøsitet. Dei har nok rette i at Maria dyrkinga i ein del  tilfelle har hatt uheldige sider, men eg er overtydd om at dei positive sidene er dei mest framtredande. Vi må sjå på fruktene av dette, for mange er dei som  har opplevd ei andelege fornying etter pilegrimsreiser til Maria openberringar. Marias bodskap er bot og omvending, be og ta i mot sakramenta. Som i bryllaupet i Kana viser ho alltid vidare til Sonen.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar