lørdag 15. oktober 2022

Den salige Carlo Acutis

 Oppstår det helgenar også i vår tid ? Ja, det er ikkje noko i Kyrkjas lære som skulle tilseia at Gud også i vår tid gjev oss den velsigning som helgenar er. Mor Teresa, pater Pio og fleire av nyare tids pavar er heilagkåra. Men ein ungdom som døydde i 2006 berre 15 år gammal, det er ikkje dagligdags! Vi markerte minnedagen hans 12. oktober som er dødsdagen hans, lite kjent i Norgen men desto større merksemd i heimlandet Italia. Han vart erklært som Venerabilis (ærverdig) i 2018 og saligkåra 10. oktober 2020 etter at eit barn i Brasil vart mirakuløst lækt frå ein medfødt tilstand. Saligkåringa er nest siste steget på vegen mot kanonisering - heilagkåring.

Carlo Acutis  vart fødd i London der foreldrene arbeidde, dei flytta etter kvart tilbake til Italia, i nærleiken av storbyen Milano. Her vaks Carlo opp som andre barn og ungdomar i lokalsamfunn og skole. Men det var likevel noko som skilde han frå  barndomsvenene, alt frå heilt tdileg alder viste han  djupe religiøse kjensler. Heimen var ikkje spesielt religiøst, og paradoksalt nok var det Carlo som drog foreldrene med til messe og ikkje omvendt som er det vanlege. Etter hans død fortalte mora Antonia Salzano:

" Jeg var langt fra Gud. Min sønn føte meg til eukaristien. Carlo var allerede i ung alder en svært hengiven sjel. Han elsket å gå i kirken, be og utdype sin tro. Jeg voktse opp i en verdslig familie, som millioner av mennesker tenker jeg. Å få denne sønnen som stilte meg insisterende spørsmål om troen, tvang meg til å reflektere. Dette har vært en grunn til å vende seg til Kirken, sakramentene og eukaristien. For meg har Carlo vært en liten frelser som har ført meg til å gå en spesiell vei."

Men ikkje berre foreldrene, Carlo gjorde eit sterkt og varig inntrykk på alle han møtte. Han forplikta seg til å leva i venskap med Jesus, og som dei fleste store heleganr hadde han ein sterk kjærleik til Maria, Jesu mor! Sidan han var så tidleg moden fekk han også tidlegare enn vanleg motta første kommunion, og seinare utvikla han ein spesiell kjærleik til eukaristien, som han karakterisert som " ein motorveg til himmelen" (autostrada per il cielo). Han gjekk til messe så ofte han kunne, mottok nattverden, mediterte framom tabernakelet, og han gjekk  til skriftemål kvar veke. Eit par år etter Carlos død vart foreldrene velsigna med tvillingar.

På byrjinga av 2000 talet skaut den digitale utviklinga fart, og internett vart tilgjengeleg for dei fleste. Som mange unge var han  litt data-nerd, han likte dataspel og filmar, men Carlo nytta og internett til å få fram si tru. Han lagte internett-sider med med oversikt over eukaristiske mirakel og Maria openberringar. Han er i ettertid  foreslått som skytshelgen for internett!

Carlo Acutis er i dag gravlagt i basilikaen San Francesco i Assisi. Det er i tråd med hans liv, for Frans av Assisi var den helgenen som stod Carlo nærast!




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar