Laudatio SI er tittelen på pave Frans encyklika frå 2015. Tittelen er henta frå opningsorda i Solsongen av Frans av Assisi: " Laudatio Si, mi signore , cun tucte le tue creature - Lova vera du, min Herre, med alt du har skapt." Encyklikaen med fokus på miljø og klimatrugsmålet var aktuell i 2015 og er ikkje blitt mindre aktuell i åra som har gått. Mange har lete seg inspirera av pavens ord, og også eg les med interesse. Den norske utgåva er i Anne Bente Hadland op omsetjing og har eit kort forord av biskop Bernt Eidsvig. " Om omsorgen for vårt felles hjem" heiter innleiingskapittelet, og det er det det dreier seg om i eit vidt perspektiv, eit perspektiv som omfattar ikkje berre miljøkrisa men og den sosiale krisa. Den sosiale urettferda både på nasjonalt og globalt plan som pave Frans har engasjert seg sterkt i. Det handlar om at vi alle er i samme båt, krisa vil ramma oss alle, men dei fattigaste aller først. Encyklikaen innheld både teologisk, etiske, politiske og vitskapelege argumentasjon og dette er ein styrke ved dokumentet. Det er sjølvsagt brukt generelle og prinsipielle argument for det er ikkje Kyrkjas oppgåve og kompetanse å i detalj gå inn i konkrete politiske og vitskapelege problemstillingar.
"Her vil jeg igjen understreke at Kirken ikke foregir å løse vitenskapelige spørsmål eller erstatte politikken, men jeg er opptatt av å oppmuntre til en ærlig og åpen debatt slik at særinteresser eller ideologier ikke skader det felles gode."
Laudatio Si er delt i seks kapittel som gjer greie for kva som skjer med jorda, kva vi kan gjera og kva som kan inspirera til handling. Det første kapittelet " Hva skjer med vårt felles hjem" knyter dette opp mot "Skaperverkets evangelium" i det neste kapittelet. Det tredje kapittelet tek for seg korleis den økologisk krisa er menneskeskapt. for så i neste kapittel å knyta dette mot ein heilskapleg økologi. I dette ligg det eit syn der ein tek hensyn både til miljø, økonomi, sosiale forhald, kultur, dagleg liv, rettferd mot urfolk og ikkje minst ansvaret for dei komande generasjonane.
" Hvis jorda er gitt oss, kan vi ikke lenger tenke ut fra et rent utilitaristisk kriterium hvor effektivitet og produktivitet kun er rettet mot individuell gevinst."
Det femte kapittelet gjev leietrådar for tilnærming og handling. Dei problema vi står overfor må løysast gjennom internasjonalt samrabeid, men det går ikkje utan å få med seg folk på nasjonalt og lokalt. Det krev at dei politiske prosessane må vera opne og gjennomsiktige. Paven tek også oppgjer med den magiske trua på at den opne marknaden kan løysa alle problem.
Det siste kapittelet "Økologisk opplæring og spiritualitet" knyter omsorga for skaparverket til verda som Guds skaparverk og til inkarnasjonen og det sakramentale. Vi kan la oss inspirera av det faktum "at Kristus har tatt den materielle verden på seg og nå som oppstanden er intimt tilstede i hver skapnings innerste, omhyller den med sin kjærlighet og gjennomtrenger den med sitt lys." Eller med Johannes Pauls II ord: " Kristendommen forkaster ikke materien, kroppsligheten; den oppvurderes heller i de liturgiske handlinger hvor det menneskelige legeme viser sin egen dypeste natur som Åndens tempel og forener seg med Herren Jesus, han som for verdens frelses skyld selv ble kropp."Omsorg for skaparverklet knyter seg her tett opp til det sakramentale for som det er uttrykt: "I Eukaristien finner skaperverket sitt høyeste uttrykk."
Laudatio Si er eit viktig dokument som på tvers av religiøse og politiske syn inspirerarar til felles handling for å redda natur og miljø, og forma eit rettvist og bærekraftg menneskeleg fellesskap.!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar